fbpx

Fiskarlaget Nyheter

Skriv ut
25.01.2019 08:15
Ressursrente er hovudtema
Fiskebåt 12.-13. februar
Ressursrente er hovudtema
Fra Fiskebåtårsmøte på Bristol i OSlo
Foto: Jan-Erik Indrestrand

Ressursrenteskatt blir hovudtema på Fiskebåt sitt årsmøte. Hovudspørsmålet er om det er grunnlag for ein slik skatt, eller om den allereie er dekt inn gjennom andre plikter og skatteordningar som fiskerinæringa er underlagt.

I alt seks innleiarar skal snakke om ressursrenteskatt på årsmøtet til Fiskebåt, som også i år blir arrangert på Hotel Bristol i Oslo. Trond Bjørndal frå NTNU kjem for å snakke om det er grunnlag for ein slik skatt. Det skal også Vegard Helland, konserndirektør Sparebank 1 SMN og Mons A. Paulsen, Advokatfirmaet Thommessen AS og styreleiar i Fiskebåt Jonny Berfjord.

Fiskebestandar

Det blir likevel ikkje berre snakk om skatt på årsmøtet. Geir Huse, forskningsdirektør, ved Havforskingsinstituttet skal gi ei oppdatering på ressurssituasjonen for sentrale bestandar.

Fiskeriminister Harald Tom Nesvik (Frp) skal snakke om regjeringa sin nærings- og fiskeripolitikk. Etter planen skal regjeringa legge fram si stortingesmelding om den framtidige fiskeripolitikken i løpet av våren.
På den andre årsmøtedagen blir det i tillegg til vanlege årsmøtesaker ei sak om CO2-avgift og kva utfordringar det kan gi for fiskeflåten.

Viktig møteplass

Årsmøtet er ein viktig møteplass for både næring og politikarar som kvart år trekkjer opp mot 400 deltakarar.

- Vi har fått på plass eit godt program med aktuelle tema, så vi ser fram til eit interessant møte, seier administrerande direktør Audun Maråk, til eigen nettstad.

Her kan du sjå heile programmet for møtet.

Norges Fiskarlags nettsteder bruker informasjonskapsler for å forbedre brukeropplevelsen og samle inn informasjon om bruksmønstre. Vi bruker også denne informasjonen til analyseformål. Noen av disse er informasjonskapsler fra tredjepart.