Fiskarlaget Nyheter

2020-06-02 07:55
Vil ha kysttorsktiltak
HI-rapport
Kysttorsken nord for 62ºN kan bli opptil 1,3 m og veie 40 kg.
Foto: Espen Bierud / Havforskingsinstituttet

Havforskingsinstituttet (HI) tilrår nye mål og tiltak for kysttorsk nord for 62. breiddegrad. Kysttorsken er under press, og reguleringa til no har ikkje strekt til for å få opp bestanden meiner HI.

– Dagens gjenoppbyggingsplan ser ut til å ha stoppa nedgangen i bestanden, men vi strevar med å nå måla som vart sett. Det kan både vere fordi måla var for ambisiøse, og fordi tiltaka som vart innført, ikkje har hatt god nok effekt, forklarer havforskar Kjell Nedreaas i eit oppslag hos HI.

Omfattande kartlegging

Saman med andre forskarar har han samla oppdatert kunnskap om kysttorsken nord for 62. nordlege breiddegrad i ein ny rapport.

Kunnskapen byggjer på omfattande data frå tokt, fiskeri og biologiske prøvar. Ut frå denne kunnskapen føreslår forskarane ein ny gjenoppbyggingsplan for kysttorsken.

Mest i nord

– Omtrent 80 prosent av kysttorsken held til nord for 67. breiddegrad, medan tjue prosent er sør for denne grensa. Då er det lett for at mål og tiltak blir tilpassa situasjonen der bestandskomponenten er størst, og at ein ikkje tar nok omsyn til den mindre komponenten i sør, seier Kjell Nedreaas.

Rapporten forklarer at i område med låg tettleik av torsk, kan behovet for vern og gjenoppbygging vere ekstra stort. I tillegg kan klimaendringane på kort sikt ha større effekt på bestanden i sør enn i nord.

Rapporten er tinga av Nærings- og fiskeridepartementet, etter at Det internasjonale havforskingsrådet (ICES) har gitt Noreg råd om å revidere gjenoppbyggingsplanen for kysttorsk.


Tilrår tiltak

Innanfor det kommersielle fisket meiner HI at blant anna desse tiltaka bør vurderast:

  • Redusere kystfisket om hausten.Stenge for fiske i område og periodar der det vanlegvis blir fanga mykje kysttorsk.
  • Stenge utvalde gytefelt som er dominert av kysttorsk i gytesesongen.Innføring av bifangstreglar, gjerne nyansert på område, tid, fartøystorleik og reiskap.
  • Vurdere tiltak for bevaring av brei samansetjing av alder og storleik.Vurdere revisjon av fjordlinjer og strengere grenser innanfor fjordlinjer (redusere maks fartøylengd til 11 m, og avgrensa bruksmengd).
  • Vidareutvikle genetiske metodar og verktøy for å kunne operere på «kaikanten» og raskt og effektivt fange opp dynamiske endringar i fangst av kysttorsk.

Tiltak for turist- og fritidsfisket:

  • Syte for handheving av registrerings- og rapporteringsplikt, og lage ein plan for overvaking av desse fiskeria.
  • Redusere tillaten bruksmengd.
  • Formidle betydninga av beste praksis innan fang og slepp.
  • Maksmål kan vurderast som reguleringstiltak i tillegg til minstemål i sør. Lenger nord blir dette vanskelegare på grunn av innblanding av nordaustarktisk torsk.

Les rapporten hos HI

«Kysttorsk nord for 62-grader nord: Vurdering av status og forslag til forvaltningstiltak og ny gjenoppbyggingsplan.»

Design/utvikling: Luculentus as

Norges Fiskarlags nettsteder bruker informasjonskapsler for å forbedre brukeropplevelsen og samle inn informasjon om bruksmønstre. Vi bruker også denne informasjonen til analyseformål. Noen av disse er informasjonskapsler fra tredjepart.