Dette er en arkivert artikkel fra gammel nettside. Formateringsfeil og mangler kan forekomme.
30.11.2018

Vil samarbeide i Sør

Organisasjonssaken

Norges Fiskarlags medlemslag i Sør-Norge ha kome til einighet om å samarbeide tettare innafor Samarbeidsrådet Sør sitt område både på tillitsmanns- og administrativt nivå. Dette som i eit ledd for etablering av eit framtidig Sør-Norges Fiskarlag.

Møre og Romsdal Fiskarlag, Sogn og Fjordane Fiskarlag, Fiskarlaget Vest og Fiskerlaget Sør blei 29.11.18, på eit felles møte mellom tillitsvalte og administrativt tilsette, einige om å samarbeide tettare innafor Samarbeidsrådet Sør sitt område både på tillitsmanns- og administrativt nivå.

Dette som i eit ledd for etablering av eit framtidig Sør-Norges Fiskarlag, som ein tar sikte på skal vere etablert innan landsmøtet i Norges Fiskarlag i 2021. Dei einskilde kontora skal etter kvart ha ansvar for saksutgreiing av ulike hovudsaksområde for heile regionen.

Ein vil i det framtidige Sør-Norges Fiskarlag ha fokus på at mannskapsmedlemane skal vere representert i styrande organ.

Sør-Norges Notfiskarlag, som ikkje hadde høve til å delta på møtet i går, er informert om enigheten og har slutta seg til denne.

Når det gjeld Fiskarlaget Midt-Norge får ein eventuelt kome tilbake til næare samarbeid når dei har avklara si organisering internt.

Kontaktperson: Kåre Heggebø, leiar i Samarbeidsrådet Sør, tlf. 99 57 69 04