08.03.2024

Vil ha barnehage

Fiskarlaget i samfunnsdebatten

Fiskarane i Haram engasjerer seg no for barnehagen og skulen i lokalsamfunnet. Det aktive fiskerimiljøet på Grytastranda meiner dette også er ei sak det er nødvendig at Fiskarlaget er opptatt av, skriv den unge styrmannen Sondre Urkedal (27).

Sondre Urkedal arbeider på linefartøyet «Seir» og har ei aktiv stemme i samfunnsdebatten, både på fiskerifaglege saker og knytt til behovet for lokal logistikk på heimplassen.

I innlegget som du kan lese nedanfor har 27-åringen på vegne av lokallaget formulert eit tydeleg behov overfor politikarane i heimkommunen på Sunnmøre.

Vi i Fiskarlaget synes det er tæl og meining i denne typen lokalt engasjement. Som organisasjon har vi kvar einaste dag mange dyktige og engasjerte medlemmar, tillitsvalde og tilsette som arbeider for å fremje våre saker. Det er viktig og nødvendig.

Samtidig er Sondre sitt debattinnlegg frå avisa «Haramsnytt» eit eksempel på eit saksområde som vi kanskje gløymer i dagleglivet, det at vi alle er ein del av eit lokalsamfunn der alle er avhengige av alle. Og – der engasjement av denne typen er noko som også betyr mykje i kvardagen, for alle oss som arbeider i næringa.

Derfor er det ekstra artig å heia på Sondre og dei andre i fiskerinæringa i Haram og håpe at det blir ei god lokal barnehage- og skuleløysing.

Vi oppmoder også deg som Fiskarlagsmedlem om å sjå etter tilsvarande saker i ditt lokalmiljø.

Fordi – fiskerinæringa betyr mykje for kvart einaste lokalsamfunn langs kysten!

Sondre Urkedal (bildet), har skrive innlegget nedanfor på vegne av Grytastranda & Omegn Fiskarlag.

Foto: Privat

Barnehage på Grytastranda

For å få unge folk til å bygge og bu i bygdene i Haram, så er skule og barnehage viktig. Grytastranda har hatt barnehage i Utigarden i 20 år og no ønsker både dei og bygda at den blir flytta og samlokalisert med skulen på Grytastranda, og med det skape eit oppveksttun i bygda.

Grytastranda har 9 større havfiskebåtar og to større klippfiskprodusentar med tilknyting her. Hjørnesteinsbedrifter i bygda, som Svein Aam skreiv i Sunnmørsposten laurdag. Det blir fort rundt 300 lokaleigde arbeidsplassar som er attraktive spesielt for ungdom.

Mange bor og ønsker å bo i kommuna og då er tilbod om barnehage og skule i bygdene viktig. Vi i Fiskarlaget vil be politikarane gi støtte til vidare drift av barnehagen på Grytastranda. Dette er viktig for dugnadsånda og gnisten i bygda og eit negativt svar vil kjennest tungt for mange, høyrer vi allereie.

For å vere ærlege så har fiskerinæringa følt seg litt gløymt i Haram kommune (ute av syne, ute av sinn), vi håper dette kan bli betre no ved ny oppstart, og at vidare støtte til barnehage kan bli eit signal om dette.

Kommuna må vere offensive for å få til befolkingsvekst, flyttelass på veg mot byane vil vi helst ikkje ha.

Vi er langsiktige og satsar for framtida, då håper vi Haram gjer det same. Friluftsbarnehage passar også godt for oss som livnærer oss av ei primærnæring.

Ved fleire høve er skulebarn frå Grytastranda tatt med om bord på fartøy frå staden for å vise dei unge i bygda korleis fiskarane har det på havet. Dette bildet er også frå ein tur med Koralen.