Ukjend med havvindtest
Ber om avklaringar
Fiskarlaget Vest har sett spørsmålstegn ved planlagt testing av ei ny svensk havvindmølletype i Bokn. Fiskarlaget Vest reagerer sterkt på at verken dei eller Fiskeridirektoratet er kontakta om det planlagte anlegget.
Det er ved Arsvågen i Bokn at det er planlagt testing av vindturbinen Sea Twirl. Opplysningar i «Teknisk Ukeblad» tyder på testing frå 2022 og i inntil fem år framover.
Fiskarlaget Vest reagerer sterkt på at verken laget eller Fiskeridirektoratet region Sør er blitt kontakta.
Dagleg leiar i Fiskarlaget Vest Britt Sæle Instebø påpeikar i eit brev om saka at det også blir reagert sterkt på at det ser ut som om det er ei sjølvfølgje at det blir gjeve løyve til testing i området som ein skal søkje om.
Fiskarlaget Vest refererer til at lokalkjente yrkesfiskarar opplyser at området der vindturbinen er tenkt lagt er ein av dei betre fiskeplassane i Bokn kommune.
Ho viser også til at fiskarane ønskjer å vere positivt innstilt til andre næringar og aktivitetar, men forutninga er at det ikkje må øydeleggje for havmiljøet, viktige gyte- og oppvekstområde eller for sjølve utøvinga av fisket.
-Fiskarlaget Vest, som fagorganisasjon for yrkesfiskarar, må vere med tidleg i prosessar som gjeld tiltak i sjøområda, og spesielt i område der tiltaket ikkje er i tråd med kommuneplanen. Ein krev at påverknaden på det marine miljø og fiskeriinteressene må vektleggjast tungt ved søknad om tiltak i sjø då ein haustar mat innafor berekraftig forvalta bestandar. Sjøvern er like viktig for fiskerinæringa som jordvern på land, understrekar Fiskarlaget Vest i brevet som er stila til selskapet Energy Innovation.
På bakgrunn av saka så langt går derfor Fiskarlaget Vest imot at det blir plassert ein vindturbin i området, skriv Britt Sæle Instebø i brevet du kan lese her: