24.01.2024

Store bestandsendringar

HI-forsking

Forskarane ved HI har kartlagt korleis rekrutteringa til 23 kommersielt viktige bestandar i Nordsjøen, Norskehavet og Barentshavet har utvikla seg dei siste tiåra. HI finn store endringar i rekrutteringa til 15 av 23 norske fiskebestandar.

I eit oppslag hos Havforskningsinstituttet er det omtale av temaet regimeskifte for ein bestand, og samanhengen mellom rekruttering og variasjonar i klima og miljø i havet.

– Nokre bestandar har gått gjennom regimeskifte tre-fire gonger dei siste tiåra, medan andre har følgt sitt faste mønster heile vegen, forklarer postdoktor Shuyang Ma ved Havforskingsinstituttet (HI).

Variert utvalg i fiskedisken hos Dragøy i Tromsø.

Regimeskifte

Rekrutteringa til fiskebestandane svingar naturleg. Nokre år klaffar ting betre enn andre år, og gyteperioden resulterer i eit solid årskull. Andre år er det lang færre som kjem til og «kullet» blir lite.
Dette mønsteret kallar havforskarane for eit rekrutteringsregime. Når mønsteret endrar seg radikalt, kallar dei det for eit regimeskifte, firklarer HI i oppslaget.

Postdoktor Shuyang Ma fortel at det er funnet slike markerte skifter for 15 av dei 23 største bestandane.

– Nokre av bestandane har hatt eit slikt skifte ein gong, nokre fleire. Men vi konkluderer med at det er eit ganske vanleg fenomen i våre havområde, seier han.

Skrei blir tatt på land under vinterfisket

Klarer ikkje å forklare

Ein av dei viktigaste artane er skreien. Havforskarane finn berre eitt regimeskifte sidan andre verdskrig. Det kom rundt 1967.

Prosjektleiar Olav Sigurd Kjesbu fortel at vi var inne i ein kald periode for havet då..

-Vi har lenge tenkt og trudd at rekrutteringa går ned i kalde periodar og opp i varme. Og det passar med at det då var eit regimeskifte, ei stor endring, på slutten av sekstitalet, fortel han.

Men dei nye resultata indikerer at det ikkje er så enkelt. I alle fall ikkje i dag, påpekiar HI i si omtale av forskinga.

Det blir peika på at det siste tiåret har vore ein varm periode i norske havområde. Trass i dette har ikkje rekrutteringssuksessen gått op for skreien.

Må vere tett på

Forskingsdirektør Geir Huse sitt svar er at forskarane må vere tett på for å kunne gi gode svar.

-Når vi veit at klimaendringane kjem til å gjera seg gjeldande i stadig større grad i Barentshavet, leveområdet til skreien, blir det endå viktigare at vi forstår samanhengane i økosystemet, seier han.

– Eit viktig grep for å ha robust kvoterådgiving under klimaendringane er at vi må gjera hyppigare vurderingar av status på rekruttering, vekst og overleving i bestandene. Det vil gjera oss i stand til å utvikla gode råd og oppdaterte forvaltingsstrategiar, som igjen er avgjerande for å sikra ein levedyktig bestand og eit berekraftig fiskeri over tid, påpeikar Huse i saka som du kan lese i si heilheit hos HI (ekstern lenke).