Pia Glesnes inn i styret
SNN-årsmøtet
Pia Søvik Glesnes (18) er valgt inn i styret i Sør-Norges Notfiskarlag. 18-åringen bur på Austevoll og er for tida lærling.
Under årsmøtet i Notfiskarlaget i Bergen valde årsmøtet inn 18-åringen i styret, der også Harald Eidet er nyvald inn mellom dei i alt seks som no sit i styret.
Leiar Roar Benjaminson vart attvald som leiar.Under årsmøtesaka om val, tok han på vegne av styret til orde for å utvide frå fem til seks styreplassar.
Dette fekk samrøystes tilslutning.
Pia Sørvik Glesnes er for tida lærling på ringnotfartøyet «Vendla». I friperiodane jobbar ho på notfartøyet «Flipper», som også er eit notfartøy. 18-åringen har også eigd eige fartøy. Den båten blei seld i fjor.
Norges Fiskarlag er sett saman av 7 regionale medlemslag og to gruppeorganisasjonar. Sør-Norges Notfiskarlag er saman med Fiskebåt dei to gruppeorganisasjonane.
Nytt styre:
Roar Benjaminson, leiar (gjenval)
Svein Ove Ekerhovd, nestleiar (gjenval)
Johnny Magne Sjo (gjenval)
Bernhard Idsø (gjenval)
Harald Eidet (nyvalt)
Pia Søvik Glesnes (nyvalt)
Vedtak sak 7:
SAK 7 UTVIDING AV STYRET I SØR-NORGES NOTFISKARLAG
Årsmøtet i Sør-Norges Notfiskarlag tar innleiinga frå Roar Benjaminson til orientering.
Årsmøtet vedtar å utvide laget sitt styre med eit medlem, og endrar paragraf 6, første del, i lovene til Sør-Norges Notfiskarlag til:
- Laget har eit styre på 6 medlemer. Minst eitt av styremedlemene bør vere under 30 år når ein blir valt, og begge kjønn bør vere representert i styret.
- Styremedlemene blir valde med ei distriktsmessig fordeling. Styret må òg representere medlemsmassa.
- Styremedlemer med vara vert valde for 2 – to – år om gongen.
- Leiar, nestleiar og styremedlemer blir valde av årsmøtet.