Dette er en arkivert artikkel fra gammel nettside. Formateringsfeil og mangler kan forekomme.
30.06.2022

Opp for torsk og sei

Kvoteråd Nordsjøen

Havforskarane kom i dag med kvoteråd for 2023 for sild og botnfisk i Nordsjøen og områda rundt. Det er betydeleg auke for torsk og sei.

Den største endringa i årets kvoteråd gjeld nordsjøtorsken. ICES anbefaler at fangsten av torsk i Nordsjøen, Den austlege engelske kanal og Skagerrak i 2023 ikkje overstig 22 946 tonn.

Det er ein oppgang på heile 60 prosent frå kvoterådet i fjor.– Bakgrunnen er at det er ein relativt god årsklasse (2019) som er komen inn i gytebestanden, og som no er blitt så stor at det gir utslag på rådet. Når bestanden er litt større, blir det også forsvarleg å ta ut ein større prosentdel, forklarer Bjarte Bogstad, som representerer HI i den rådgivande komiteen i ICES.

Bestanden av torsk i Nordsjøen har lenge vore i dårleg forfatning, og forskarane har gitt restriktive kvoteråd for å ta vare på bestanden. Bogstad vil ikkje friskmelde pasienten, men meiner det er positivt at forvaltinga dei siste åra synest å ha hatt ein effekt.

Om råda

Kvoteråda blir gitt årleg av Det internasjonale havforskingsrådet (ICES), der forskarar frå Havforskingsinstituttet (HI) samarbeider med havforskarar frå dei andre landa rundt Nordsjøen.

– Framlegging av kvoteråd er avslutting av eit omfattande og viktig arbeid på HI og hos våre samarbeidspartnarar i ICES. Det er gledeleg å sjå at dei fleste av desse bestandane i Nordsjøen er i god forfatning og at det er oppgang i kvoteråda for botnfiskbestandane, seier fagdirektør Geir Huse til eigen nettstad. 

Nedgangen snudd for sei

Også for sei gir årets kvoteråd eit positivt signal. ICES anbefaler at fangstane av sei i Nordsjøen, ved Rockall, vest av Skottland, i Skagerrak og Kattegat ikkje overstig 58 912 tonn.

Det er ein auke på vel 18 prosent prosent frå kvoterådet for 2022. Då hadde kvoterådet gått nedover fleire år på rad.

– Endringa skuldast blant anna at fangsten i 2021 var noko lågare enn kvota. Dessutan er gytebestanden rekna til å vera noko høgare, seier Bjarte Bogstad.

– Det er bra at nedgangen har stoppa opp og det no ser ut til å gå rett veg, men det er framleis grunn til å vera forsiktig, legg han til.

Sild og andre bestandar

For sild er rådet at dei samla fangstane i Nordsjøen, Skagerrak, Kattegat og Den austlege engelske kanal ikkje blir høgare enn 414 886 tonn.Det er ein nedgang på over 20 prosent frå kvoterådet for 2022, men omtrent på nivå med kvoterådet for 2021.

Nedgangen heng ifølgje Bogstad saman med naturleg variasjon i rekruttering og bestandsvurdering.Sild, sei og torsk er dei viktigaste bestandane for norsk fiskeri i Nordsjøen.

ICES har i tillegg gitt kvoteråd for hyse, kviting, lysing og raudspette i Nordsjøen og områda rundt. Også for desse bestandane går kvoteråda opp.

Sjå heile kvoteråda her:

Torsk i Nordsjøen, austlege engelske kanal og Skagerrak

Lysing i Nordsjøen, Det keltiske havet og nordlege Biscayabukta

Sei i Nordsjøen, ved Rockall, vest av Skottland, i Skagerrak og Kattegat

Hyse i Nordsjøen, vest av Skottland, Skagerrak

Hvitting i Nordsjøen og Den østlige engelske kanal

• Rødspette i Nordsjøen og Skagerrak

Sild i Nordsjøen, Skagerrak, Kattegat og den austlege engelske kanal