Dette er en arkivert artikkel fra gammel nettside. Formateringsfeil og mangler kan forekomme.
27.04.2022

Aktuell konferanse

Ombordfryst 2022

Usikre tider som følge av pandemi og krig, men også ein god porsjon optimisme vil prege årets Ombordfryst-konferanse i Ålesund 8. juni. Konferansen som samler store delar av fiskerinæringa blir den 7. i rekka.

Ombordfryst-konferansen har etablert seg som ein sentral og viktig møteplass for den havgåande fiskeflåten. I 2020 var det rekordpåmelding med 320 deltakarar. Så kom pandemien, og i 2021 blei konferansen gjennomført digitalt som ei TV-sending.

Sjå opptaket frå Ombordfryst 2021

– I år gler vi oss til å kunne samlast igjen fysisk og håpar at vi på nytt kan sette deltakarrekord. Vi har iallfall fått på plass eit både relevant og interessant program med gode innleiarar, seier Odd Kristian Dahle, informasjonsleiar i Fiskebåt i en omtale av årets konferanse.

Samarbeid

Konferansen er eit samarbeid mellom Fiskebåt, Norges sjømatråd og Nordea, og blei arrangert for første gong i 2016. Vanlegvis blir konferansen gjennomført i første veka i januar, men på grunn av koronapandemien blei den i år utsett til 8. juni.

Som tidlegare blir konferansen på Scandic Parken i Ålesund. I år blir det middag og kveldsarrangement på Alnes på Godøya, og slår veret til kan det bli ein flott solnedgang ves i havet.

Aktuelt program

Programkomiteen, beståande av Tove Sleipnes (Norges sjømatråd), Finn-Arne Egeness (Nordea) og Odd Kristian Dahle (Fiskebåt), har jobba intenst med å få på plass eit mest mogleg relevant program som omfattar rammevilkår, teknologi og marknad.

– Det er mykje som er usikkert i marknadane rundt om i verda, både som følge av koronapandemien, brexit og krigen i Ukraina. Her heime blir det arbeid med ny kvotemelding og drivstoffprisane er rekordhøge. Samtidig er reiarane på offensiven med å investere i nye og meir miljøvenlege fartøy, så det er mykje som skjer på mange frontar, seier Dahle.

Ikkje alle programpostar er heilt avklart enno, men under føreligg programmet slik det er no.

Førebels program (blir løpande oppdatert her):

Odd Kristian Dahle, informasjonsleder, Fiskebåt

Velkommen

Audun Maråk, administrerende direktør, Fiskebåt
Utfordrende tider for havfiskeflåten?

Christian Flatum, Senior Director Head of Ocean Freight, Schenker
Transportutfordringer i turbulente tider

Julie Waites, Executive Director, Frozen at Sea Fillets Association (FASFA)
Frozen at sea and its position in the UK

Svein Kristian Stormo, PhD forsker, Nofima
…når kulda setter inn

Finn-Arne Egeness, sjømatanalytiker, Nordea
Torsken reiser seg alltid etter kriser

Lunsj 11.30-12.30

Irene Mjelde, CCO, Optimar
Økt verdi om bord

TBA
Hva skjer med videreforedlingen i Øst-Europa?

TBA
Nye energiformer i havfiskeflåten

Tore Roaldsnes, daglig leder, Bluewild
Ecofive – evolusjon eller revolusjon

Kjell-Gunnar Hoddevik, daglig leder, Atlantic Seafish
Snurrevadbåt som framtidens linebåt

Pause 13.45-14.00

Eivind Hestvik Brækkan, sjømatanalytiker, Sjømatrådet
Påvirker verdensbildet globale varestrømmer?

Andrew Crook, President National Federation of Fish Friers
The future of Fish and Chips

Christian Bue Nordahl, CEO, Stella Polaris
Reka i skvis mellom markedet og oljeprisen

Norges sjømatråd
Hva skjer i USA