Fiskarlaget Nyheter

2021-10-12 12:45
Tilrår loddefiske
Råd for 2022
Tilrår loddefiske
Lodde
Foto: HI

ICES tilrår at det kan fiskast inntil 70 000 tonn barentshavslodde i 2022. Dette er første gong sidan 2018 at det blir tilrådd opning av loddefiskeriet i Barentshavet, melder Havforskningsinstituttet.

– Fiskeriet etter barentshavslodde skjer på modnande lodde som vandrar inn til kysten om vinteren for å gyta. I år blei det målt meir modnande lodde i Barentshavet enn dei siste åra, og det er særleg toåringane som er talrike, seier Georg Skaret, bestandsansvarleg for lodde.

Dei utgjer også størstedelen av den modnande bestanden. Det har ikkje vore målt slike mengder av toåringar sidan 1991. Dei har hatt svak vekst, truleg som følgje av auka intern konkurranse om føda. Det betyr at størstedelen av toåringane ikkje vil gå inn i den modnande bestanden før i 2023.

– Talet på eittåringar målt i år er også over langtidsgjennomsnittet, noko som betyr at me har to år på rad med god rekruttering for lodde i Barentshavet. Dette er lovande for utviklinga til loddebestanden i eit to-tre-årsperspektiv, seier Skaret til eigen nettstad.

Den endelege kvoten for 2022 blir fastsett i løpet av oktober av den norsk-russiske fiskerikommisjonen.

Cookies Personvern

Design/utvikling: Luculentus as

Norges Fiskarlags nettsteder bruker informasjonskapsler for å forbedre brukeropplevelsen og samle inn informasjon om bruksmønstre. Vi bruker også denne informasjonen til analyseformål. Noen av disse er informasjonskapsler fra tredjepart.