-Manglar stabile rammevilkår
Notfiskarårsmøtet
Næringa manglar stabile rammevilkår. Den har stått på «pause» i mange år, sa leiar Roar Benjaminson då han opna årsmøtet i Sør-Norges Notfiskarlag. Årsmøtet er i Bergen fredag.
I åpningstalen fredag formiddag oppsummerte leiaren den siste perioden med å vise til at:
-Til tross for pandemien, og nedstenging i store delar av verda, har omsetninga totalt sett i sjømatnæringa gått godt – det er me sjølvsagt veldig glade for.Til tross for generelt gode priser på fisken er det synd at moglegheita for gode år og utvikling mot det grøne skiftet forsvinn i stadig meir avgifter, og dermed utgifter, til byråkrati og drivstoff, påpeika han.
Viktige rammer
SÅ – kom han inn på det vi viser til ovanfor – behovet for stabile rammevilkår.Roar Benjaminson var tydelieg på at næringa treng langsiktige stabile rammevilkår.
-Næringa har allereie stått «på pause» i mange år – Eidesenutvalet 2016, Kvotemeldinga 2019 – og no ventar me på Kvotemelding 2.0. Fornying med eigna båtar som òg ivaretar det grøne skiftet. stoppar heilt opp, sa han og understreka at:-Fiskerinæringa, som er ei så viktig næring, fortener betre. Ein må no krevje at at ein får langsiktige stabile rammevilkår.
Brexit-problem
-Brexit, med manglande tilgang til britisk sone i 2021, har i tillegg til koronapandemien skapt utfordring spesielt i forhold til makrellfisket. Føreløpig ser det dessverre ikkje ut som om ein blir einige med UK i år heller. Ein har ein spennande makrellsesong framfor oss, konstaterte leiaren.
Han peika også på at det enno ikkje er klart kva nivå den norske kvoten blir sett på.
-Det er utfordrende for den mindre flåten som fisker i første halvår. Det er viktig at den minste flåten, som må fiske når makrellen er tilgjengeleg langs kysten, at ein får ein mest mogleg rett kvote i forhold til årskvoten frå årets start. Det er fiskarar som er ferdig med den føreløpige kvoten så det hastar med å få auka kvoten. Ein er kjent med at Norges Fiskarlag har purra på forvaltinga i høve dette. Auke må kome no, sa Benjaminson med ettertrykk til forsamlinga ved Scandic Hotel Norge i Bergen.
Andre tema
I åpningstalen peika Benjaminsonm mellom anna også på at det for dei som driv brislingfiske er viktig at fiskeriet er hensiktsmessig regulert.
-Det bør vere ein felles kvote, sa han og peika på at det også er andre utfordringar for både dei som driv brislingfiske, og andre fiskeri som makrell, at det pågår det han kallar hets ovanfor yrkesfiskarane og i media i høve mellom anna fiske med lys.
-Dette skjer til tross for at fiskarane driv lovleg verksemd, faktisk yrket sitt, påpeika han og sa at slikt er svært belastande for fiskarane, og skulle vere unødvendig at enkeltfiskarar skal bli utsett for.
Roar Benjaminson var også eit sveip innom tema som arealutfordringane knytta til akvakulturanlegg , kablar og røyr, samt reguleringsplanar og liknande i tilknyting til sjø som skapar utfordringar for fortsatt kystfiske.
-Vindkraft breir òg om seg, sa han og understreka at uavhengige aktørar MÅ forske på konsekvensane ved eksisterande anlegg FØR ein foretar ytterlegare utbygging. Ein må ikkje ha det for travelt for det kan vere katastofalt for økosystemet.
Forvaltninga
Leiaren i Notfiskarlaget uttrykte også uro for tilhøvet til forvaltninga.
-Eg synest at det er synd at fiskarane i stadig større grad ikkje oppfattar Fiskeridirektoratet som ein medspelar eller eit hjelpeapparat, slik det var tidlegare. Ein slik avstand tener verken forvaltinga eller fiskarane, sa han og viste til at det i møtet er besøk av direktoratet og er sett opp eit eige tema om sporing og rapportering for den minste flåten.
Også organisasjonsprosessen og kvinner sin plass i styrer, råd og utval blei tatt opp av Benjaminson. Også dette vil bli tatt opp i saker utover dagen.