Heggebø æresmedlem
Fiskarlaget Vest
Kåre Heggebø er utnevnt til æresmedlem i Fiskarlaget Vest. Utdelinga blei gjort under årsmøtemiddagen torsdag kveld.
Kåre Heggebø har ei lang tenestetid for fiskarane i sør-vest.
Trass i at han no er leiar i Norges Fiskarlag og dermed framleis aktiv, så valde styret i Fiskarlaget Vest å gje han denne heideren.
Bakgrunnen er at Fiskarlaget Vest torsdag har vedtatt å gå inn i det nye medlemslaget Sør-Norges Fiskarlag i samband med omorganiseringa av Norges Fiskarlag.
Laget har dermed truleg halde sitt siste ordinære årsmøte som eige lag.
Under utdelinga torsdag kveld gjorde dagens leiar i Fiskarlaget Vest, Terje Eriksen eit poeng av at Kåre har svært lang yrkes- og organisasjonsmessig erfaring med seg i ryggsekken, og at han har lagt ned eit svært stort arbeid for fiskarane, både regionalt og nasjonalt.
Diplom, blomar og brisling.
Kåre har vore;
– leiar i Sør-Norges Notfiskarlag 1995 – 2007
– leiar i lokallaget, Ølen & Skånevik Fiskarlag, og styremedlem i Tysvær Fiskarlag
– styremedlem i Fiskarlaget Vest 2007 – 2011
– leiar i Fiskarlaget Vest i perioden 2011-2021
– 2. nestleiar i Norges Fiskarlag i perioden hausten 2013 – hausten 2021.
– leiar i Norges Fiskarlag frå hausten 2021
Eriksen peika også på at Heggebø har gjort ein stor innsats gjennom mange år i styret i Norges Sildesalgslag, samt i salsutvalet.
Han viste også til at Kåre alltid er imøtekomande og lyttande.
-Diplomat er han òg, men han kan slå i bordet når det trengs. Det er gode eigenskapar å ha når det kan vere vêrhardt på toppen, sa Terje Eriksen og avslutta med:
-Fiskarlaget Vest ser det som ei ære å kunne utnemne Kåre som æresmedlem i laget. Han blir den siste som får denne æra mens vi fortsatt heiter Fiskarlaget Vest. Vi håpar at han, sjølv om han er blitt æresmedlem, vil fortsetje sitt gode arbeid for å ivareta fiskarane sine interesser, sa Terje Eriksen.
Også dei to damene i administrasjonen blei heder og gode ord til del. Eirin Kongestøl Espeland (t.h.) og Britt Sæle Instebø fekk begge blomar frå leiar Terje Eriksen. Britt har 32 års tenestetid i administrasjonen og fekk også eit flott kunstverk i gåve.