Dette er en arkivert artikkel fra gammel nettside. Formateringsfeil og mangler kan forekomme.
15.02.2023

Han skal leie Fiskebåt

Halstensen valt

Christian Strand Halstensen er valt til ny styreleiar i Fiskebåt etter Jonny Berfjord.

Christian Strand Halstensen (50) frå Bekkjarvik er valt til ny styreleiar i Fiskebåt under årsmøtet i Oslo onsdag.

– Fiskeflåten står framfor mange store utfordringar. Det blir difor viktig å arbeide for forutsigbarheit og stabilitet både i lovgiving og rammeverk, seier Halstensen til Fiskebåt.

Christian Strand Halstensen tar altså over leiarvervet etter Jonny Berfjord som går av etter åtte år som styreleiar i Fiskebåt.

Halstensen er utdanna jurist frå Universitetet i Bergen i 1999, og har deretter jobba i familiereiarlaget. Halstensenreiarlaget har fartøy både innan pelagisk- og kvitfisksektoren.

Fiskebåt organiserer havgåande fiskefartøy og har rundt 200 medlemsfartøy. Fiskebåt er etter omorganiseringa i Norges Fiskarlag eitt av tre medlemslag i Norges Fiskarlag, saman med Nord Fiskarlag og Sør-Norges Fiskarlag.