Godt besøkt møte
Minister i Austevoll
Fiskeri- og sjømatminister Odd Emil Ingebrigtsen besøker fredag Austevoll. På formiddagen var det et godt besøkt møte med representanter for næringen (bildet).
«Galleriet» ved Bekkjarvik Gjestgiveri i Austevoll var godt fylt opp då ministeren kom på besøk fredag formiddag.
Dagleg leiar i Fiskarlaget Vest Britt Sæle Instebø var ein av dei mange som var til stades. Ho rapporterer om eit positivt møte mellom næring og ministeren.
Det blei mellom anna peika på at ein snarast saman med næringa får «tatt ned ballane» som skapar usikkertheit for framtida i næringa.
Økonomisk stimulering av norsk verftsindustri er og viktig for fornying av fiskeflåten.
Fiskeri- og sjømatminister Odd Emil Ingebrigtsen hadde også eit eige møte med unge fiskarar frå regionen der dei unge peika på einskilde utfordringar, som stadig nye krav i leppefiske som moment som ministeren tek med seg frå møtet.
Tom-Christer Nilsen (H) som var saksordførar for Kvotemeldinga i Stortinget deltok også i møtet.
Statsråden slo før møtet fast at:
– Austevoll er ein viktig fiskerikommune. Dette er min første tur til Austevoll nokon sinne, og mitt første besøk til Vestlandet som fiskeri- og sjømatminister. Eg ser fram til å møte folk og næring, og håpar og trur eg vil få mange gode samtalar.
I løpet av dagen er det sett av tid til møtepunkt med elevar, unge fiskarar, næringa og Havforskningsinstituttet når Ingebrigtsen besøker Austevoll.
Dagsprogrammet ser slik ut:
- 08:30 Ope møte med unge fiskarar i Austevoll, Bekkjarvik
- 09:30 Ope møte med fiskerinæringen i Austevoll, Bekkjarvik Gjestgiveri
- 11:00 Besøk til Havforskningsinstituttet sin forskningsstasjon.
- 12:30 Besøk til Austevoll vidaregåande skule og Austevoll Opplæringskontor.
- 13:30 Møte med Austevoll Seafood, Lerøy og Havfisk.