12.03.2024

Flotte folk på havet 

Janita og Silje på tur

-Det var en fantastisk opplevelse da vi fikk bli med vårt styremedlem i Sør-Norges Fiskarlag på skreifiske utenfor Vesterålen, rapporterer daglig leder Janita Arhaug. Se også film fra besøket om bord.

Janita Arhaug har vært på besøk til Vesterålen og sammen med kollega Silje Mortensen fikk de bli med om bord på skreifiske. 

Vi gjengir rapporten fra havet og har også lagt ved lenken til den flotte snutten Janita har satt sammen av bilder og filmklipp fra dagen ombord. 

“Skipper Ole Morten Vassdal trivst godt som einaste «søring» om bord i snurrevadbåten Kamilla G. Han skryt av både mannskapet og reiarlaget Øksnes Kystfiske, og fremhevar dei flinke lærlingane som har funne sin plass om bord. 

-Vi fiskar hovudsakleg torsk, sei, hyse og sild. Vi fiskar også lodde de gongene vi har blitt trekt ut til å delta i loddefisket. I år vart reiarlaget sin andre båt, Leander, trekt ut, og eg skal være med som skipper på loddeturen.   

Ole Morten (51) er oppvaksen på Aukra i Møre og Romsdal. Der voks han opp med båt i familien og fikk tidlig være med på fiske.     

I yngre dager var han ein god volleyballspelar, og var også trenar for mellom anna jente 17 år laget på Aukra som har vunne fleire NM. 

-Det var gjennom volleyballmiljøet eg møtte kona mi, Sølvi. Ho kom til Aukra for å spele Volleyball. Vi flytta sørover til Sande i Sunnfjord i 1998, stifta familie og bygde hus. Vi har tre barn – ein gut på 24 og to jenter på 26 og 18 år.  Min eigen volleyballkarriere blei lagt på hylla da eg starta som fiskar, men eg nyttar alle anledningar til å sjå mine eigne barn spele volleyball, seier han og forklarer at yngstedattera spelar på juniorlandslaget, og at han sjølv er med i forbundsstyret til Norges Volleyballforbund.    

Du som er fiskar, et du mykje sjømat sjølv?

-Ja, eg et mykje sjømat, og er også glad i å lage mat. Sist vi hadde gjester på besøk bestod menyen av kongekrabbe, skinnstekt skreirygg, torsketunger og crème brulée. Eg brukar alltid oppskrift og finn mange spennande oppskrifter på nettet.     

Ole Mortens far, bestefar og oldefar var alle fiskarar så ein kan vel sei at interessa for fiskeri har gått i arv. Det same kan vi sei om interessa for organisasjonslivet. 

-Eg har vore fiskar i vel 30 år.  Medlem i Norges Fiskarlag har eg vore sidan 2007, og lokallaget mitt er Hafs Fiskarlag. Eg har hatt fleire ulike tillitsverv i Fiskarlaget og leder i styret til Sogn og Fjordane Fiskarlag då alle medlemslaga sør for Trøndelag slo seg saman til eit lag, Sør-Norges Fiskarlag.  

No er eg styremedlem og arbeidsutvalgsmedlem i Sør-Norges Fiskarlag. Eg er også vara til Norges Fiskarlags landsstyre.  

I styret til Sør-Norges Fiskarlag har vi mykje å sette oss inn i. Styremedlemmane har ulik fiskeribakgrunn, og vi samarbeider godt for å ivareta medlemmenes interesser.  

-Sjølv har eg drive med mange ulike typar fiskeri oppigjennom. Garn. Line. Snurrevad. Det er stort sett berre tråling eg ikkje har prøvd, seier han. I fleire år var eg styrmann på ringnotbåten Havskjer frå Ålesund og reiste som skipper for Havstål i same reiarlaget (Veibust Fiskeriselskap) då den var ny. Før det var eg skipper på kystnotbåten Artus frå Herøy.  

-Eg er stolt av å være i Fiskarlagsmedlem. Vi fiskarar må stå saman, det er avgjerande for vår framtid. Norges Fiskarlag er ein organisasjon som favnar alle. Dette er viktig for både fiskarane og Fiskarlaget sin legitimitet og påverknadskraft. 

Den komande generasjonen fiskarar er avhengig av at vi no står saman hvis vi skal bli lytta til, avslutter den stolte fiskaren. 

 Janita Arhaug og og Silje Mortensen fra Sør-Norges Fiskarlag har på Facebook takka for turen og gode fiskarsamtalar – og som nemnd over så har det også blitt sett saman ein snutt frå dagen om bord. 

Sjå den fine snutten frå Facebook