18.04.2024

Fisk og havvind 2024

På Sola i juni

Gode løysingar for både fiskeri og vindkraft er på dagsorden når dei to næringane møtes til «Fisk og havvind 2024» i juni.

Offshore Norge, saman med Norges Fiskarlag og våre tre medlemslag Fiskebåt, Nord Fiskarlag og Sør-Norges Fiskarlag, inviterer alle interesserte til seminar på Clarion Hotel Air på Sola.

Den første havvind-auksjonen på norsk sokkel er avgjort på Sørlige Nordsjø II, medan utlysing av Utsira Nord er utsett.

Diskusjonane går om kvar ein skal bygga ut havvind. Regjeringa har ein ambisjon om å ha tildelt areal for 30 GW havvind innan 2040, for å møte det aukande behovet for fornybar energi. I tillegg er det venta at vindkraftnæringa vil skape nye arbeidsplassar og føre til industriutvikling.

Samtidig er det ei grunnleggande føresetnad at havvind ikkje skal øydelegga for fiskerinæringa eller for fiskebestandar. 


 
Seminaret er gratis og ope for alle, men deltakarane betalar overnatting og dagpakke.

Tid: 12.-13. juni, lunsj til lunsj (Start 11.00 / slutt 13.00)

Stad: Clarion Hotel Air, Sola

Påmelding gjer du her

Les meir om programmet