Åtte ble æret
Sogn og Fjordane
Sogn og Fjordane Fiskarlag har utnevnt åtte æresmedlemmer. Utnevnelsene ble gjort kjent under festmiddagen på årsmøtet onsdag kveld.
Sogn og Fjordane Fiskarlag benyttet anledningen til å verdsette hele åtte trofaste og verdsatte personer under en festmarkering i Florø etter årsmøtet onsdag.
Den formelle delen av møte kan ha vært det siste ordinære årsmøtet, siden laget går inn for å slå seg sammen med Fiskarlagets øvrige lag i Sør-Norge.
Forutsetningen er imidlertid at de øvrige medlemslagene tilslutter seg og gjør likelydende vedtak.
Følgende åtte personer ble hedret:
- Vidar Ulriksen, Batalden.
- Nils Myklebust, Måløy.
- Geir Magne Røys, Kalvåg.
- Dagmund Madsen, Florø.
- Jarl Magne Silden, Måløy.
- Norvald Fedøy, Bulandet.
- Oddlaug Osmundsvåg
- Ann Karin Oldeide
Vidar Ulriksen er å kalle ein bauta i fiskerimiljøet og organisasjonsarbeidet i heimefylket. Som tidlegare leiar i Sogn og Fjordane Fiskarlag, landsstyremedlem og nestleiar i Norges Fiskarlag, og to bolkar som statssekretær i Fiskeri-og kystdepartementet. Få har røynt så mange sider av fiskeria som Vidar Ulriksen, heile tida med yrkesbrørne sin tillit i bagasjen. Det er ei glede å innstille han til æresmedlemskap.
Oddlaug Osmundsvåg og Ann Karin Oldeide
Oddlaug Osmundsvåg (bakerst i bildet) er mangeårig medlem av Fiskarkvinnelaget i Sogn og Fjordane. Sammen med Ann Karin Oldeide holder de fortsatt liv i Fiskarkvinnene, men jevnlige møter på kontoret i Måløy.
Nils Myklebust var i ei årrekkje styreleiar i Sogn og Fjordane. Fiskarlag, og var elles ein markant og uredd talsmann for fiskarane i fylket i ulike fora. Som skippar og reiar på M/S «Fjellmøy» var han «hands on» på dei fleste problemstillingar, og bar dei vidare i Fiskarlaget, og elles inn mot det politiske miljøet. For dette arbeidet bør han heidrast med æresmedlemskap i Sogn og Fjordane Fiskarlag.
Geir Magne Røys har i mange år vore ein særs markant talsmann for fiskarane i heimfylket, ikkje minst som mangeårig medlem i landsstyret i Norges Fiskarlag. I sitt daglege arbeid som skippar og reiar på M/S «Linebas», og likeeins innad i organisasjonane har Geir Magne Røys lagt ned eit stort og verdifullt arbeid til beste for sine yrkesbrør. For dette vil vi heidre han med æresmedlemskap.
Dagmund Madsen har ein lang og ærerik karriere bak seg som fiskar, skippar og reiar, hovudsakeleg på M/S «Rindenes». Båten var i alle år ein institusjon i fiskerimiljøet i Sogn og Fjordane, med Dagmund Madsen som ei stor og viktig drivkraft. For dette arbeidet, og som mangeårig medlem i Fiskarlaget fortener han til fulle å bli heidra med æresmedlemskap.
Jarl Magne Silden var i 12 år leiar i Sogn og Fjordane Fiskarlag, og har i heile sin karriere vore aktiv i fiskarane sitt organisasjonsapparat. Som fiskar, skippar og fiskebåtreiar har han heldt oppe fylket sine rike tradisjonar, og fortener til fulle æra som æresmedlem.
Norvald Fedøy (Norvald var ikkje tilstades under markeringa) har heilt sidan gutedagane drive aktivt som fiskar og skippar, og reiarlaga han har vore med i har vore viktige drivkrefter og krumtappar, både i lokalmiljøet og i fylket. Som dyktig fiskar og organisasjonsmann vil vi her og no heidre han med æresmedlemskap.