Frarår loddefiske
ICES om 2021
Det internasjonale havforskingsrådet (ICES) finn at loddebestanden ligg godt under grensa for at det kan tilrås fiske i 2021.
Det er ekkoloddregistreringane på det årlege økosystemtoktet i Barentshavet som gir det viktigaste grunnlaget for å anslå kor mykje lodde det er. Ut frå toktet i haust har forskarane rekna at bestanden av gytemoden lodde no er på 545 000 tonn, melder Havforskningsintituttet (HI).
– Den nedre grensa for å kunne hauste av bestanden, er bestemt til 200 000 tonn. Det er berre 27 prosent sannsynleg at gytebestanden held seg over denne grensa, sjølv utan fiske, forklarar havforskar Bjarte Bogstad i omtalen av saka hos HI.
Han er norsk medlem i rådgivingskomitéen til ICES, og med i den norsk-russiske fiskerikommisjonen som blir einige om forvaltning av lodda i Barentshavet.
Samarbeid med Russland
Økosystemtoktet i Barentshavet er eit norsk-russisk samarbeid der forskingsfartøy frå begge land går i forhandsbestemte ruter på kartet for å måle fiskebestandane.
– Dekninga på russisk side var i år forsinka og berre delar av den er med i grunnlaget for dette kvoterådet, seier Bjarte Bogstad.
Håp
Bestanden er større enn til same tid i fjor. I tillegg ser forskarane nytt lys i enden av tunnelen. Det var gode mengder unglodde i Barentshavet under årets økosystemtokt. Dersom desse rekruttane overlever, går dei inn i gytebestanden til fisket i 2022.
– Mengda eitt år gammal lodde på økosystemtoktet i haust er den høgaste vi har målt sidan 2013, seier forskaren.