Dette er en arkivert artikkel fra gammel nettside. Formateringsfeil og mangler kan forekomme.
16.01.2023

11,4 milliardar i 2022

Sildelaget

Sildelaget omsatte pelagisk fisk for like over 11,4 milliardar kroner i 2022, opp frå 10,8 milliardar i 2021.

– Tala speglar resultatet av innsatsen til fiskarar og industrien i høve til kvotar og marknader i 2022, seier salgsdirektør Knut Torgnes i ei melding frå Sildelaget.

-For norske fiskarar ligg førstehandsverdien knappe 10 prosent over nivået i 2021, en auke frå 8,4 milliardar til 9,2. Fartøy frå andre land stod for 2,2 milliardar kr, eller knappe 20 prosent av førstehandsomsetninga, omlag de same som i 2021, seier Torgnes.

Torgnes peiker på makrellfisket som det mest positive i 2022 med gode prisar og prisauke på fangstar til fiskemel- og fiskeolje. Det som «trekte ned» var loddefiske ved Island og årets fiske etter tobis.

– For dei ulike fartøygrupper blei det eit godt år for kyst, brukande for ringnot og litt skuffande for trål. For oss i laget var det eit travelt år, men i god dialog med fiskarar og kundar så er me stolte og glade for å vera partnar i kjeda som skaper verdiar av pelagisk fisk frå Norge, avsluttar Torgnes.

I omsetningsstatistikken (lenke til Sildelaget) går det fram kva volum og verdi som er levert av dei ulike fiskeslaga, også samanlikna med året før.