10.06.2024

Oppreinskingstoktet 2024

Starter 7. august

Fiskeridirektoratet melder at årets oppreinsking etter tapte fiskereiskap startar utanfor Ålesund 7. august med M/S «Vikingbank».

-Toktet i 2024 er noko redusert og det vil ikkje bli gjennomført oppreinsking etter snøkrabbeteiner. Det vil heller ikkje blir gjort oppreinsking i Aust-Finnmark. Vårt eige fartøy «Fjorgyn» vil dekke Aust-Finnmark, melder direktoratet i nettsaka si om årets tokt.

Det er tredje året M/S «Vikingbank» gjennomfører toktet. Fartøy og mannskap representerer ein stor oppreinskingskapasitet, gjennom erfaring, god lagerplass og utrustning, skriv Fiskeridirektoratet.

– Gjennom oppreinskingstoktet blir det arbeidd døgnet rundt under tilnærma alle vêrforhold. Så langt det lar seg gjere vil vi prøve å levere tilbake funn, så lenge dette ikkje påverkar framdrifta i nemneverdig grad, seier seniorrådgjevar Gjermund Langedal i miljøseksjonen.

Meld fra om tap

Fiskeridirektoratet minner også om at tap av fiskereiskap skal meldast dersom du sjølv ikkje finn igjen fiskereiskapen med eigne gjenfinningsforsøk. Dersom du planlegg eigne gjenfinningsforsøk «seinare», så meld reiskapen tapt først. Då unngår du at andre fiskarar set seg fast i ditt tapte reiskap. Dette gjeld for alle fiskeri, men er særleg viktig med tanke på den høge aktiviteten på blåkveitefeltet i år.

– For å utnytte oppreinskingskapasiteten best mogleg, er det viktig å hugse å melde frå om alle tapte fiskereiskap gjennom Barentswatch. Dersom dette ikkje lar seg gjere; ta direkte kontakt med oss, oppfordrar Langedal.