18.08.2023

-Viktig for fiskerinæringa

Stad skipstunnel

Fiskarlaget har nullvisjon for ulykker og vi gjer det vi kan for å redusere faren for ulykker og at alle skal komme trygt heim fra arbeidet sitt på havet. I dette perspektivet er Stadtunnelen eit kjempeviktig bidrag.

Kåre Heggebø seier han ser fram mot at ein Stadtunnel kan kome på plass.
Leiaren i Norges Fiskarlag har sjølv erfaringar «på Stadten» som han ikkje gløymer, og ikkje ønsker å oppleve igjen, fortalte han i si innleiing under Måløy Vekst sitt arrangement på Arendalsuka torsdag ettermiddag.

63-åringen frå Ølen i Rogaland skildrar Stadhavet som eit av dei meste farlege og verutsette havstykka langs norskekysten.

-Det fins andre plassar som og er farlige, men Stad er unik, også med tanke på at her kan ein med ei genial løysing fjerne dette risikopunktet, understreka Fiskarlagsleiaren.

Arrangementet
«Stad skipstunnel – en nødvendig investering for fremtiden» var tema for arrangementet som blei halde om bord i Statsraad Lehmkuhl.

Sjå detaljar om deltakarar og temaet i denne lenka til Arendalsuka.

Matros Ebbe Kiil ønsket velkommen under torsdagens arrangement på Statsraad Lehmkuhl.

-Viktig for heile flåten

Fiskeflåten i Norge har drøyt 4500 aktive fartøy.

-Stadtunnelen er ikkje viktig berre for dei minste, men for heile flåten.
For dei minste fartøya dreier det seg rett og slett om at leia i lange periodar er stengt. Det er rett og slett for farligt å passere dette havstykket, påpeika han.

Historiske fakta viser at Stadhavet har opp mot 100 dagar i året med uver og vanskelege forhold.
Kåre Heggebø kom med fleire eksempel på kvifor ein Stadtunnel vil vere viktig også for store havfiskefartøy.

Kystdirektør Einar Vik Arset i Kystverket illustrerte de enorme dimensjonene på den planlagte tunnelen. Der en vanlig vegtunnel er 7 meter vil en fremtidig Stadtunnel bli 7 ganger bredere – hele 50 meter bred og nesten 40 meter høy. Stortingsrepresentant fra Venstre Alfred Bjørlo nærmest (t.h.) er en av dem som gir tommel opp for prosjektet.

Han påpeikte at det er openbert at den er viktig for den mindre flåten, men altså også for dei største fartøya.

-For den større flåten handlar det om tøff belastning på båt og mannskap og ikkje minst skade på fangst som ein har ombord. Der er mange eksempler på at fangstar med pelagisk råstoff har blitt nedklassa etter ein røff tur forbi Stad, påpeika han og la til at:

-Det er derfor ganske vanlig at fiskeflåten når dei er sør om Stad og fiskar, ikkje vil ta med kjøparar nord for Stad og motsatt, når dei legg ut fangstar for salg, fortalte han.

-Dette gjer at verdiskapinga fra fiskeriene blir redusert og det blir ulike konkurranseforhold for kjøparar avhengig av om dei høyrer heime nord eller sør for Stad.

Grønt tiltak

-Eg vil også hevde at Stadtunnelen vil vere eit både viktig og rett klimatiltak, sa leiaren i Fiskarlaget og peika på at fiskeflåten til liks med andre næringar har ei klimaforplikting å oppfylle.

-Det å få gå i rolige farvatn kontra å seile i ver og uvær på utsida av Stad vil gjere seilingstida kortare og redusere forbruket av drivstoff. Ein tunnel vil dermed også redusere klimautsleppa til alle brukar-fartøy i framtida, sa Kåre Heggebø – som avslutta si innleiing med å oppsummere slik:

  • -edusere risikoen for skipsulykker
  • Bidra til levande kystsamfunn
  • Legge til rette for meir sjøtransport.
  • Sikre god kvalitet på fisken – og hindre transportskadar
  • Sikre foredlingsindustrien råstoff og like vilkår til å skaffe seg råstoff.
  • Redusere seilingstida for fartøya, og gi mindre utslepp av klimagassar.


Kysten sin tur

Fiskarlagsleiaren poengterte heilt til slutt at Stadtunnelen har ein betydeleg kostnad.

-Ingenting, hverken i livet eller samfunnet er gratis, så her handlar det om prioritering, sa han og kom med eit tydeleg råd til dei mange politikarane som deltok under arrangementet til Måløy Vekst:

-Når vi ser kor raske og rause de politikarar er til å finne penger til å subsidiere til dømes havvindutbygging, så har eg ingen forståelse for at dette flotte prosjektet skal stoppe opp på grunn av finansiering.

-Nei mine venner. Denne gongen er det kysten og kystens næringar sin tur, avslutta Kåre Heggebø til raus applaus frå dei mange tilhøyrarane om bord i staselege Statsraad Lehmkuhl.

Fakta (fra Måløy Vekst):
• Stortinget vedtok bygging av Stad skipstunnel 11. mai 2021.
• En ny usikkerhets- og kostnadsanalyse viser at Stad skipstunnel er blir dyrere som et resultat av prisvekst og økt usikkerhet.
• Kystverket er klare til å lyse ut anbudskonkurransen for å finne en hovedentreprenør som kan drive/bygge skipstunnelen.
• Kystverket venter på klarsignal fra regjeringen, som har sagt at de vil komme tilbake til Stortinget i saken i forbindelse med statsbudsjettet for 2024.

Daglig leder Randi Humborstad i Måløy Vekst ( nærmest i hvitt) sammen med Kåre Heggebø blant tilhørerne under arrangementet.