Dette er en arkivert artikkel fra gammel nettside. Formateringsfeil og mangler kan forekomme.
29.10.2019

Utlyser to stillingar

Vest og Møre og Romsdal

Fiskarlaget Vest og Møre og Romsdal Fiskarlag søkjer begge etter kvar sin rådgjevar til kontora i Bergen og Ålesund. Kontora innleier og eit samarbeid seg imellom.

Dei to stillingane er begge rådgjevarstillingar. Les detaljar om stillingane i dei vedlagde linkane (under).

Dei daglege leiarane i laga opplyser at arbeidsoppgåvene for dei nye stillingane er koordinert og at dei to regionlaga i Norges Fiskarlag no også innleier eit tettare samarbeid for kontora.

Målsettinga er at ein vil utfylle kvarandre og jobbe for medlemane i begge regionane.

Me ser fram til å få to sjølvstendige, omgjengelege, samvitsfulle kollegaer, som skal jobba saman med oss for yrkesfiskarane.

Det uttalar dei to daglege leiarane i ei felles uttale knytt til utlysinga.

Søkjarar blir bedne om å sjå utlysingane for vidare kontakt. Søknadsfrist for begge stillingane er 10. mars. 

For andre spørsmål, kontakt:

  • Dagleg leiar i Fiskarlaget Vest, Britt Sæle Instebø, 45 47 63 60
  • Dagleg leiar i Møre og Romsdal Fiskarlag, Ole Morten Sorthe, 91 83 71 67

Link til Vimeo-snutt