Uroa for CO2-avgift
Berfjord i sin tale
Styreleiar Jonny Berfjord i Fiskebåt er uroa for CO2-avgift. I Jeløya-erklæringa er det foreslått ein kraftig auke i CO2-avgifta. Dette vil virke mot intensjonen, seier Berfjord i sin tale under åpninga av Fiskebåt sitt årsmøte i Oslo onsdag formiddag.
Årsmøtet til fiskebåt har eit klart miljøfokus. Dette var også ein vesentleg del av opningstalen til leiar Jonny Berfjord, skriv Fiskebåt i si omtale av åpningstalen.
– Auka CO2-avgift vil føre til at meir fisk blir levert i utlandet, og dermed svekka lønsemd og fornyingsevne. Det er ved fornying av fiskeflåten at vi oppnår dei største miljøgevinstane, sa Berfjord.
I talen var han også innom plastproblemet.
– Plastproblemet er globalt. Meir enn 15 tonn plast hamnar i havet kvart minutt, og omfanget aukar. Her må vi alle ta ansvar, sa Berfjord.
Forvaltning av ressursane i havet er også eit av hovudemna under årsmøtet, der fleire forskarar frå Havforskingsinstiuttet skal delta.
Du kan lese heile talen til Jonny Berfjord i denne linken til Fiskebåt