Dette er en arkivert artikkel fra gammel nettside. Formateringsfeil og mangler kan forekomme.
12.02.2015

Tveterås var hovedtema

Fiskebåtårsmøtet

 -Fiskebåt er samd i mange av hovudkonklusjonane i rapporten frå Tveterås-utvalet, men tre av forslaga er i strid med Fiskebåts syn, sa styreleiar Tore Roaldsnes under opninga av årsmøtet i Oslo i formiddag.  

Tore Roaldsnes nemnde desse hovudkonklusjonane, der det er samanfallande syn:

-mindre politisk detaljstyring

-fokus på lønsemd og effektivitet

-like rammevilkår for næringsutøvarar

-berekraftig hausting

-fritt reiskapsval

-auka innsats på ressursforsking og FoU

-ombordproduksjon

-Det er tre fleirtalsforslag som ikkje er i tråd med det rådande synet til Fiskebåt: forslaget om endringa av Fiskesalslagslova, Deltakarlova og forslaget om fritt kvotetak, sa Roaldsnes.

Les mer, også hele talen, på Fiskebåts nettside