Dette er en arkivert artikkel fra gammel nettside. Formateringsfeil og mangler kan forekomme.
14.09.2015

Ti har fått adgang

Rekrutteringskvotar

Søknadane til ti nye deltakeradgangar for 2016 er no ferdigbehandla av Fiskeridirektoratet, som melder at målet med deltakeradgangane er å gjere det lettare å etablere seg som fartøyeigar og å sikre rekruttering til fiskaryrket.

— Vi er heilt avhengige av at fiskeflåten kan trekkje til seg engasjerte og interesserte unge fiskarar. I tillegg til rekrutteringskvotane har vi innført eigne lærlingekvotar og auka skolekvotane. Til saman er dette tiltak som eg håpar skal få fleire unge til å bli fiskarar, seier fiskeriminister Elisabeth Aspaker.

Sidan 2009 har departementet årleg delt ut deltakeradgangar (rekrutteringskvotar) til unge fiskarar som eig fiskefartøy. Ordninga gjeld berre for fiskarar under 30 år som eig fartøy.

Det var i år totalt 41 søkjarar, av dette ei kvinne. Fleire enn ti fiskarar oppfylte vilkåra for nytildeling.

Søkjarar med utdanning i kombinasjon med fartstid vart prioriterte, opplyser direktoratet.

Søkjarane er fødd mellom 1985 og 1998. Høgaste fartstid var 12 år.

Desse fekk adgangsløyve:

  1. Alexander Gjøse – Sola, Rogaland
  2. Asle Jørgensen – Selje, Sogn og Fjordane
  3. David Berntsen – Austevoll, Hordaland
  4. Johan Arne Hansen – Nordland, Lødingen
  5. John Lekhmus – Tromsø, Troms
  6. Karl Henrik Våge Økland – Bergen, Hordaland
  7. Kristoffer Trellevik – Sund, Hordaland
  8. Marius Husevåg – Vågsøy, Sogn og Fjordane
  9. Rune Andrè Hansen – Hadsel, Nordland
  10. Øyvind Lund – Tysvær, Rogaland

David Berntsen var den einaste av søkjarane som ønskte makrellkvote. Dei ni andre er tildelt torskekvote.