Stor interesse for yrket
Ungdomsmønstring
Fredag deltek om lag 1 500 elevar frå heile Møre og Romsdal i årets happening – der dei får ei brei innføring i korleis fiskaryrket er. Markeringa er eit samarbeid i fiskerinæringa som har som mål å bidra til å oppretthalde og styrke den lokale rekrutteringa til yrket.
30 skular med opp mot 1500 elevar deltar på den digitale sendinga fredag, der målet er å informere om kva muligheiter som er for dei som vil prøve seg som fiskar.
Desse er med
Det er Fiskebåt Vest i lag med Møre og Romsdal Fiskarlag, Surofi, Marint kompetansesenter og Norges Sildesalgslag som står bak arrangementet, som også har med Sparebanken Møre som sponsor.
Arrangementet, Fiskernes ungdomsmønstring, har blitt halde i mange år og er nokså likt frå år til år, fortel Fiskebåt i eit oppslag om saka. Først får ungdomane ein liten smakebit på kva det inneber å ha eit yrke på sjøen. Deretter får dei møte litt eldre ungdomar som har valt fiskeri som yrkesveg.
I år er det lærling Selma Steen Bjørlykke frå Ålesund, fiske- og fangstelev på fagskulen Daniel Magerøy frå Midsund og motormann-elev på fagskulen, Simen Akslen frå Ålesund, som blir intervjua om kvifor dei har valt fiskeri som sin yrkesveg.
Ikkje berre fagleg
For at ungdomskuleelevane skal henge med, blir det også Kahoot-konkurranse mellom dei forskjellige skulane, der den klassa som vinn får 10 000 kroner, og den eleven som gjer det best får ein ipad.
Kjend artist
Arrangørane legg også vekt på finne ein ung lokal artist til arrangementet. I år som i fjor er det Sverre Eide frå Ålesund som stå for det musikalske. Eide er mest kjent frå programmet «The Voice» på TV2.
Sverre Eide sto for dei musikalske innslaga i fjor, og stiller igjen i år. Foto: Odd Kristian Dahle/Fiskebåt.