Står du i manntalet?
Kontroller status no
Fiskarmanntalet er no lagt ut og er tilgjengeleg i tre veker framover. Som fiskar er du sjølv ansvarleg for å sjekke status. Manntalet er tilgjengeleg både eletronisk og ved regionkontora til Fiskeridirektoratet.
Fiskeridirektoratet informerer om at framlegg til fiskarmanntal for 2016 er sett opp og lagt ut til offentleg innsyn frå 10. november 2015 og tre veker framover. Alle fiskarar blir bedne om å kontrollere sin manntalsstatus for komande år.
Framlegget er lagt ut på regionkontora til Fiskeridirektoratet i Vadsø, Tromsø, Bodø,Trondheim, Ålesund, Måløy, Bergen og Egersund.
Framlegget er også lagt ut på nettsida til Fiskeridirektoratet. Sjekk din status ved å gå inn her.
Fiskeridirektoratet opplyser at den som meiner seg feil stroken eller feil ført, kan klage skriftleg til manntalsførar innan tre veker frå 10.november.
Spørsmål rettast til regionkontora.
Regionkontora til Fiskeridirektoratet er manntalsførar kvar for sin region. Spørsmål kan rettast til regionkontoret der du bur etter 10. november:
- Region Finnmark, Brith O. Hansen tlf. 482 51 909, Jorid Nilsen tlf. 905 20 627
- Region Troms, Elisabeth Richardsen, tlf. 913 79 242
- Region Nordland, Per Eilif Sagen, tlf. 481 45 625
- Region Trøndelag, May Randi Bonesrønning, tlf. 452 99 865, Wenche Wågheim, tlf. 472 53 407
- Region Møre og Romsdal, Wenche Gjøstøl, tlf. 994 67 191
- Region Vest, Magne Sumstad, tlf. 906 42 909
- Region Sør, May Britt Håland, tlf. 476 23 680
Skriftleg klage med grunngjeving kan sendast til:
Fiskeridirektoratet
Postboks 185 Sentrum
5804 Bergen
eller
postmottak@fiskeridir.no
Hugs å merke konvolutten/forsendinga tydeleg med namnet på regionen der du er busett.