04.07.2023

Sommartoktet i gang

«Eros» og «Vendla» deltek

I fem veker skal havforskarar frå fire nasjonar kartlegge makrell, sild, kolmule, rognkjeks, plankton, sjøpattedyr, havmiljø med meir.

Leigefartøya «Eros» og «Vendla» legg ut frå Bergen 4. juli med dei norske havforskarane om bord. I tillegg seglar fartøy for Færøyane, Island og EU (Danmark).

Over ein periode på fem veker skal havforskarar frå Noreg, Færøyane, Island og EU (Danmark) kartlegge eit havområde på omlag 2,5 millionar kvadratkilometer i Nordaust-Atlanteren.

Makrellbestanden, som har ei stor utbreiing i Atlanterhavet, har ei sentral rolle i toktet. Forskarane brukar spesialdesigna trål for å berekne makrellbestanden.

Dette gir éin av fleire viktige indeksar for å avgjere kor mykje makrell det er forsvarleg å fiske – eit kvoteråd.

I tillegg til makrell, registrerer fartøya også andre fiskeslag med ekkolodd, inkludert norsk vårgytande sild og kolmule, og merker også rognkjeks for å studere deira vandring.

Forskarane målar også plankton, havtemperatur andre miljøforhold

Ler mer om dette viktige årlege toktet hos Havforskningsinstituttet