Sjekk manntallet!
Fiskarmanntallet 2018
Fiskeridirektoratet har lagt ut Fiskarmanntalet for 2018 til offentlig innsyn. Den enkelte må kontrollere sin manntalsstatus for det komande året. Klagefrist er tre veker frå 10. november.
Det er Fiskeridirektoratet som er manntalsførar for Fiskarmanntalet.
I ein omtale på direktoratet sin nettstad er det vist til at: Framlegg til fiskarmanntal for 2018 er sett opp og lagt ut til offentleg innsyn i tida 10. november 2017 og tre veker framover.
Framlegget er lagt ut på alle kontora til Fiskeridirektoratet i den enkelte region. Du finn også framlegget i «fylkesoversikt» på nettstaden til direktoratet.Â
Direktoratet informerer også om at kvar enkelt må kontrollere sin manntalsstatus for det komande året. Den som meiner seg feil stroken eller feil ført, kan klage skriftleg til manntalsførar innan tre veker frå 10. november.
Regionkontora til Fiskeridirektoratet er manntalsførar for kvar sin region.
Les denne sake med linkar til informasjon om manntalet hos Fiskeridirektoratet
Skriftleg klage med grunngjeving blir å sende til:
Fiskeridirektoratet
Postboks 185 Sentrum
5804 Bergen
eller
postmottak@fiskeridir.no
Spørsmål kan rettast til regionkontoret der du bur etter 10. november.