Sildetoktet i gang
Pågår til 17. februar
De tre fartøyene som deltar i registreringstoktet etter sild langs kysten er nå i gang med arbeidet. Fartøyene som deltar er Ligrunn, Inger Hildur og Nybo.
Forskarar, skipperar, styrmenn og representantar for Fiskebåt gjekk gjennom toktopplegget på eit møte i Fiskebåt-lokala i Ålesund i går ettermiddag.
Fiskebåt melder på sitt nettsted at blant spørsmåla som blei drøfta var:
-området som skal dekkast av toktet
-fleksibilitet i forhold til dekningsområde
-korrigering av måleresultata i forhold til at målingane skjer frå sør mot nord, medan silda vandrar frå nord til sør
-Det var ein positiv og grundig gjennomgang, der navigatørane hadde mange spørsmål og forslag. No kryssar vi fingrane for godt ver og gode måleresultat. Med fullmåne torsdag i denne veka burde det vere håp om gode registreringar, sa Fiskebåt-direktør Audun Maråk etter møtet.
Toktet skal vare i 14 dagar, og skal etter planen dekke området frå Møre til og med Troms. Området kan bli utvida mot sør og nordaust, dersom informasjon frå fiskarane tilseier at det finst vaksen sild i desse områda.
Forskarane er svært interessert i observasjonar av sild som kjem vandrande inn frå Norskehavet. Slike observasjonar er svært viktige som grunnlag for at toktopplegget kan justerast.
Les meir om toktet hos Havforskingsinstituttet.