17.12.2024

Semje med Storbritannia

Avtale for 2025

Noreg har inngått ein bilateral avtale med Storbritannia for 2025, som inkluderer gjensidig tilgang og byte av fiskekvotar. -Ein viktig avtale i eit viktig område for norske fiskarar, seier leiar Kåre Heggebø i Norges Fiskarlag.

– Forhandlingane har gått føre seg i ein svært god tone, og avtalen stadfestar det gode samarbeidet mellom våre to land på fiskeri, seier fiskeri- og havminister Marianne Sivertsen Næss i ei pressemelding frå regjeringa.

I avtalen er den gjensidige tilgangen til å fiske botnfisk i kvarandre sine sonar på 30 000 tonn i Nordsjøen vidareført. Det er òg avtalt tilgang for Noreg til å fiske opptil 20 000 tonn nordsjøsild i britisk sone.

Partane har òg avtalt eit avgrensa kvotebytte som tek vare på tradisjonelt norsk fiske i britisk sone utanfor Nordsjøen.

I tillegg til samlekvoten på 30 000 tonn i britisk sone i Nordsjøen har Noreg òg bytt til seg mellom anna 360 tonn blåkveite i britisk sone utanfor Nordsjøen, 560 tonn lange og 200 tonn brosme utanfor Nordsjøen.

Avtalen er til stor nytte for norske og britiske fiskarar. Den lange felles grensa i havet mellom Storbritannia og Noreg medfører at vi i mange år har avtalt moglegheit for at begge partar kan fiske i kvarandre sine farvatn.

Fiskarlaget også nøgd

Ja, det er eit svært godt arbeid som er lagt ned om ein svært viktig avtale for norske fiskarar. Tilgang til britisk sektor er viktig og godt å ha på plass i god tid før det nye året kjem, seier leiaren i Fiskarlaget.

Kåre Heggebø peikar på at det er avgjerande å ha gode avklaringar på plass slik at det alt noe er mogleg å tilrettelegge driftsopplegg for 2025.

-Rett nok skulle vi ha sett at kvotenivåa for nokre av botnfisk-artane hadde vore noko høgare. Samtidig vil eg seie at det er viktig at den gjensidige botnfisk-kvoten på 30 000 tonn i Nordsjøen blir vidareført, og norsk adgang på nordsjøsild i UK-sone på 20 000 tonn, påpeikar han.