12.09.2025

Samspel – eit felles ansvar

Janita Arhaug til Fdir

Samspel mellom fiskerinæringa og forvaltninga er eit felles ansvar! Det var bodskapen til 400 tilsette i Fiskeridirektoratet i høve deira 125-årsjubileum denne veka.

Dagleg leiar Janita Arhaug i Sør-Norges Fiskarlag fortel at ho var spent, men likevel klar på kva ho ville seie under det unike høvet ho fekk frå talarstolen under jubileumsdagane til Fiskeridirektoratet.

Ho var invitert til å halde eit innlegg om nettopp samspel mellom næring og forvaltning.

-Før møtet henta eg henta innspel frå medlemar både i nord og sør om korleis vi kan få til bedre samhandling mellom fiskerinæringa og fiskeriforvatninga. Fiskarane etterlyser meir tillit, dei opplever ofte at fiskerimyndighetene har ei «ovenfra og ned-holdning» fortel ho.

-Målet om ei god forvaltning av fiskerinæringa er like viktig for fiskarne som fiskeriforvaltninga, og eit godt samarbeid krev at vi lyttar til kvarandre med gjensidig respekt, seier Janita Arhaug.

Ho peika i innlegget for den store forsamlinga på at det er klare kommunikasjonsutfordringar mellom næring og forvaltning. Både når det gjelder informasjon frå forvaltninga til fiskarane, og omvendt.

-Mange kjenner at det tar tid å nå tak i den rette, og mange etterlyser fysiske samlingar, rapporterte ho til den jubilerande forsamlinga i Bergen.

Janita Arhaug har også fartstid som fiskar. Her private bilete frå kvardagen om bord på fiske.

I løpet av innlegget sitt var Janita mellom anna innom følgjande tema:

Vi snakka om korleis fiskarar og forvaltning kan samhandle best for å sikre framtidas fiskeri og levande kystsamfunn.

Samarbeidet fungerer godt på fleire område, men vi ser også utfordringar, særleg knytt til kommunikasjon og tillit.

 Løysinga? Meir dialog, gjensidig respekt og felles møteplassar.

-Til  slutt kom eg med helsingar til dei tilsette i direktoratet som kom rett frå hjartet til fiskarane eg utfordra om innspel, rapporterer Janita Arhaug.

 

Det kom mange fine helsingar til jubilanten frå fiskarane som Janita tok kontakt med.

Vi i Norges Fiskarlag heng oss på dei gode helsingane og gratulerer Fiskeridirektoratet så mykje med jubileet, og ser fram til eit godt samarbeid vidare – for fiskarane, forvaltninga og for framtida.