Ressursrente er hovudtema
Fiskebåt 12.-13. februar
Ressursrenteskatt blir hovudtema på Fiskebåt sitt årsmøte. Hovudspørsmålet er om det er grunnlag for ein slik skatt, eller om den allereie er dekt inn gjennom andre plikter og skatteordningar som fiskerinæinga er underlagt.
I alt seks innleiarar skal snakke om ressursrenteskatt på årsmøtet til Fiskebåt, som også i år blir arrangert på Hotel Bristol i Oslo. Trond Bjørndal frå NTNU kjem for å snakke om det er grunnlag for ein slik skatt. Det skal også Vegard Helland, konserndirektør Sparebank 1 SMN og Mons A. Paulsen, Advokatfirmaet Thommessen AS og styreleiar i Fiskebåt Jonny Berfjord.
Fiskebestandar
Det blir likevel ikkje berre snakk om skatt på årsmøtet. Geir Huse, forskningsdirektør, ved Havforskingsinstituttet skal gi ei oppdatering på ressurssituasjonen for sentrale bestandar.
Fiskeriminister Harald Tom Nesvik (Frp) skal snakke om regjeringa sin næings- og fiskeripolitikk. Etter planen skal regjeringa legge fram si stortingesmelding om den framtidige fiskeripolitikken i løpet av våren.
På den andre årsmøtedagen blir det i tillegg til vanlege årsmøtesaker ei sak om CO2-avgift og kva utfordringar det kan gi for fiskeflåten.
Viktig møteplass
Årsmøtet er ein viktig møteplass for både næing og politikarar som kvart år trekkjer opp mot 400 deltakarar.
– Vi har fått på plass eit godt program med aktuelle tema, så vi ser fram til eit interessant møte, seier administrerande direktør Audun Maråk, til eigen nettstad.
Her kan du sjå heile programmet for møtet.