Dette er en arkivert artikkel fra gammel nettside. Formateringsfeil og mangler kan forekomme.
04.08.2014

Rekordstor kvalfangst i sommar!

Den norske kvalfangsten blir den støste sidan Noreg tok opp att kvalfangsten i 1993.

Dei føste kvalskutene tok til med fangsten i midten av april. Og til no har norske kvalfangarar teke over 700 vågekvalar.

– Fangsten har gått bra. Vi har fangsta 112 kval. Og det er det beste resultatet vi har hatt sidan vi byrja i 1967, seier reiar Ole Mindor Myklebust på kvalfangstskuta «Kato» til NRK.Likevel tek ikkje norske kvalfangarar heile vågekvalkvoten. Myklebust seier at det ikkje er båtane som har for liten kapasitet, men at mottaksapparatet på land ikkje klarer å ta unna all kvalen.
– Utfordringa ligg i mottaka på land. Det er ikkje nok produksjonskapasitet. Det er mykje folk i verda som ikkje får nok mat i dag. Og vi burde kunne ta ut denne biomassen som er i havet. Men det skjer jo ikkje, seier Ole Mindor Myklebust.(Ønsker du å teste nye oppskrifter med Hval? Sjekk heimesida www.hvalbiff.no )Les meir om saken ovenfor på NRK’s heimeside her :
http://www.nrk.no/mr/god-kvalfangst-1.11862364