Reguleringer for 2018
Oppdateres løpende
Fiskerireguleringene for 2018 fastsettes nå fortløpende og gjøres tilgjengelig for det enkelte fisket i denne nettsaken.
Det er på nettstaden til Nærings- og fiskeridepratementet (NFD) at reguleringane blir lagt ut.
Så langt, per onsdag 20. desember, er desse reguleringane lagt ut:
- Uer
- Deltakarforskrifta 2018
- NVG
- Kongekrabbe
- Kolmule
- Makrell
- Torsk i Nordsjøen og Skagerak
Direktefiske etter uer i 2018
Nærings- og fiskeridepartementet har fastsette ein totalkvote på 19 514 tonn uer i Noregs økonomiske sone nord for N 65°20`, i fiskerisone ved Jan Mayen og i internasjonalt farvatn.
Det er ein auke i kvotenivået på nesten 11 % frå i fjor.
Totalkvoten inkluderer ei avsetning til bifangst og forskingsfiske. Det er fastsette maksimalkvotar for dei fartya som har høve til å delta i fisket.
Forskrift om regulering av fisket etter uer nord for 62° N i 2018
Deltakarforskrifta for 2018
Departementet har i dag fastsett deltakarforskrifta for 2018.
Både departementet og Fiskeridirektoratet har i haust gjennomført skriftlege høyringar av enkelte forslag til endringar i forskrifta. Departementet har på bakgrunn av høyringsrundane fatta følgjande avgjerder om deltakarforskrifta for 2018:
- Ein innfører krav om at fartøyeigar må stå om bord i fartøyet som høvedsmann under utøving av fiske i open gruppe i alle fiskeria i deltakarforskrifta, unnateke rekefisket ved Grønland. Det vil kunne dispenserast frå dette kravet dersom fartøyeigar har tillitsverv i fiskeriorganisasjonar eller offentlege verv, og ved sjukdom.
- Ein innfører ikkje krav om at ein enkeltperson må vere majoritetseigar i fartøy som deltek i open gruppe, men gjeldande regel om kva eigarkonstellasjonar som ikkje kan delta med meir enn eitt fartøy i open gruppe blir stramma noko inn.
- Ein opnar for ein avgrensa bruk av leigefartøy i open gruppe ved havari/forlis sjølv om fartøyet ikkje har høve til å delta i lukka gruppe i eit anna fiskeri. Departementet vil tidleg på nyåret oppdatere leigefartøyinstruksen med nærmare retningslinjer for bruk av leigefartøy i open gruppe.
- Ein innfører ikkje karantenetid i landsdelsbindinga som gjeld i enkelte torskefiskeri, ved sal frå Sør-Noreg til Nord-Troms eller Finnmark og deretter sal frå Nord-Troms eller Finnmark til resten av Troms eller Nordland.
- Ein opprettar ei open gruppe i fisket etter reker ved Grønland for alle fartøy med reketrålløyve for Barentshavet. Departementet tek sikte på å evaluere ordninga med open gruppe i dette fisket etter tre år.
Departementet vil tidleg på nyåret ta stilling til deltakarreguleringa i fisket etter leppefisk i 2018. Departementet kjem tilbake til spørsmålet om endringar i lasteromavgrensinga for kystfiskeflåten. Begge desse sakene har vore på høyring hausten 2017.
Forskrift om regulering av fisket etter norsk vårgytande sild (nvg) i 2018
I kyststatsforhandlingen om nvg-sild blei det 7. desember inngått ein avtale om ein totalkvote (TAC) på 435.000 tonn. Samme dato blei det også inngått ein avtale mellom Noreg og EU som gir norske fartøy åtgang til å fiske 25.487 tonn nvg-sild i EU-sona nord for 62 grader nord.
Noreg har satt seg ei kvote på 304.500 tonn, noko som inneber ein norsk andel på 70 prosent. Av dette er det satt av 1.115 tonn for forskings- og forvaltingsføremål, 639 tonn til rekrutteringskvoteføremål og 500 tonn til agnkvoter.
For å få eit større erfaringsgrunnlag i reguleringa av åpen gruppe kyst, blir prøveordninga vidareført i gruppa også 2018.
Forskrift om regulering av fisket etter norsk vårgytande sild (nvg) i 2018.
Fangst av kongekrabbe i kvoteregulert område i 2018
Nærings- og fiskeridepartementet har vedteke forskrift om regulering av fangst av kongekrabbe i kvoteregulert område øst for 26° Ø i 2018.
Fartøy med høve til å fiske i det kvoteregulerte området kan fange og lande 1750 tonn hankrabbar og 100 tonn hokrabber. Av totalkvoten hankrabbar er 175 tonn avsett til skadde hankrabbar i det kvoteregulerte området i 2018. Det er avsett 16 tonn hankrabbar til turistfiske, 1 tonn hankrabbar til fritidsfiske og 1 tonn til forsking føremål.
Det er vedteke at aktivitetskravet for omsetning frå anna fiske for å oppnå full kvote fortsatt vert 100 000 kr i 2018, men frå 2019 vil kravet bli endra til 200 000 kr. Dette inneber at næringsaktørane kan innrette seg i høve til det nye omsetningskravet i 2018.
Regulering av fisket etter kolmule i 2018
I kyststatsforhandlingen om kolmule blei det den 7. desember inngått ein avtale om ein totalkvote (TAC) på 1.387.872 tonn, noko som er i tråd med tilrådninga frå ICES.
Totalkvoten inkluderer ei avsetning til NEAFC for fisket til andre landa i internasjonalt farvatn på 110.459 tonn. Etter tradisjonell fordeling utgjer Noregs kvote 335.257 tonn.
I samsvar med bilateral avtale inngått mellom EU og Noreg den 7. desember 2017 har norske fartøy høve til å fiske inntil 227 975 tonn kolmule i EU-sona. I tillegg har Noreg i avtale inngått med EU 1. desember 2017 byttet til seg 110 000 tonn kolmule som kan fiskast i EU-sone.
Av totalkvoten kan inntil 32.640 tonn blir fiska i færøysk sone.
Kvotebyttet med Russland varierer proporsjonalt med den norske kolmulekvoten. For 2018 skal det etter avtalen byttast 24 157 tonn kolmule til Russland.
Noreg får etter dette ein totalkvote på 421 100 tonn for fiske i 2018.
Forskrift om regulering av fisket etter kolmule i 2018
Regulering av fisket etter makrell i 2018
Noreg, EU og Færøyane blei 11. oktober 2017 einige om ein totalkvote for makrell på 816.797 tonn for 2018. Dette inneber ein reduksjon på 20% samanlikna med fastsette totalkvote i 2017. Kvoten er fastsette på grunnlag av ein langsiktig forvaltningsstrategi for makrell.
Norsk kvote er 186 967 tonn, etter overføringar og avsetningar.
Etter forslag frå Noreg sin Fiskarlag blir det arbeidt med å utvikle alternative reguleringsmodellar for dei fartya som har adgang til å delta i lukka gruppe for kystflåten. Formålet er forenkling og meir føreseieleg. Reguleringa er derfor mellombels inntil forslag til forenkla reguleringsordningar :føreligg. Dette vil vere på plass i god tid før hovudsesongen i fisket tek til.
Forskrift om regulering av fisket etter makrell i 2018
Regulering av fiske etter torsk i Nordsjøen og Skagerrak
For Nordsjøen er det fastsett ein norsk kvote på 6 955 tonn. Av desse er 1600 tonn avsett av til bifangst i trålfiske etter andre artar og 600 tonn til bifangst i det konvensjonelle fisket. Det er fastsett maksimalkvotar for dei fartya som kan delta i både lukka og open gruppe i Nordsjøen.
For Skagerrak er den nasjonale kvoten fastsette til 259 tonn, der 70 tonn er avsett til bifangst mens gruppekvoten til farty som fiskar med konvensjonelle farty blir på 189 tonn. For begge område er den nasjonale kvoten fastsette etter at totalkvotar er avtalte gjennom forhandlingar med EU, og inneber ein auke av kvotane.
Forskrift om regulering av fiske etter torsk i Nordsjøen og Skagerrak i 2018