Dette er en arkivert artikkel fra gammel nettside. Formateringsfeil og mangler kan forekomme.
08.12.2014

Reguleringer for 2015

Oppdateres fortløpende

Fiskerireguleringene for 2015 fastsettes de neste dagene og ukene. Departementet oppdaterer og publiserer forskriftene etter hvert som de fastsettes. Se oversikten her.

Departementets oppdaterte side over reguleringene for 2015

Sist oppdatert 18.12.2014:

Fisket etter sild i Nordsjøen og Skagerrak i 2015

Nærings- og fiskeridepartementet har i dag vedteke forskrift om regulering av fisket etter sild i Nordsjøen og Skagerrak i 2015. Totalkvote for norske fartøy er sett til 130 960 tonn i Nordsjøen og 2 908 tonn i Skagerrak. Nytt for reguleringane i 2015 er at det vert gitt høve til kvotefleksibilitet over årsskiftet på gruppenivå for kystfartøygruppa sitt fiske etter sild i Nordsjøen og Skagerrak, på bakgrunn av at vi no har vorte einige med EU om kvotefleksibilitet i Skagerrak.

Forskrift om regulering av fisket etter sild i Nordsjøen og Skagerrak i 2015

Fisket etter snabeluer i 2015

Nærings- og fiskeridepartementet har i dag vedteke forskrift om regulering av fisket etter snabeluer i 2015. Av ein totalkvote på 19 600 tonn har departementet sett av 19 087 tonn uer til snabeluerfiske nord for 62Ëš N i 2015. Kvoten i år blir fordelt likt på dei fartøya som har rett til å delta i dette fisket. Per i dag gjeld det fartøy med torsketrålløyve eller seitrålløyve med heimel i konsesjonsforskrifta.

Det er lagt opp til at vanleg uer blir beskytta i fisket etter snabeluer, og at snabeluerbestanden blir beskytta i gytetida og i oppveksten.

Forskrift om regulering av fisket etter uer nord for 62° N i 2015

Fisket etter lodde i Barentshavet i 2015

Nærings- og fiskeridepartementet har vedteke forskrift om regulering av fisket etter lodde i Barentshavet i 2015. Totalkvote for norske fartøy er sett til 71 980 tonn.

Forskrift om regulering av fisket etter lodde i Barentshavet i 2015

Fisket etter reker i Nordsjøen og Skagerrak i 2015

Nærings- og fiskeridepartementet har vedteke forskrift om regulering av fisket etter reker i Nordsjøen og Skagerrak i 2015. Totalkvote for norske fartøy er sett til på 6 346 tonn. Denne vert fordelt med 2 790 i Nordsjøen og 3556 i Skagerrak.

Forskrift om regulering av reker i Nordsjøen og Skagerrak i 2015

Forskrift om regulering av fisket etter hestmakrell i 2015

Nærings- og fiskeridepartementet har vedteke forskrift om regulering av fisket etter hestmakrell i 2015. Totalkvote for norske fartøy er satt til 42 690 tonn, inntil 3550 tonn hestmakrell kan takast i EU-sonen i ICES statistikkområde IV.

Forskrift om regulering av fisket etter hestmakrell i 2015

Fiske etter sei i Nordsjøen og Skagerrak i 2015

Nærings- og fiskeridepartementet har vedteke forskrift om regulering av fisket etter sei sør for 62. graden for 2015. Norske fartøy kan i 2015 fiske 33 743 tonn sei, noko som er ein nedgang på 5 966 tonn frå 2014.

Forskrift om regulering av fisket etter sei i Nordsjøen og Skagerrak i 2015

Fisket etter torsk i Nordsjøen og Skagerrak i 2015

Nærings- og fiskeridepartementet har vedteke forskrift om regulering av fisket etter torsk i Nordsjøen og Skagerrak i 2015. Forskrifta er fastsatt på bakgrunn av resultatet av dei bilaterale forhandlingane med EU i desember. Totalkvote for norske fartøy er sett til 5175 tonn i Nordsjøen og 152 tonn i Skagerrak.

Det vert innført ei prøveordning fra 1. januar 2015 der fartøy med største lengde under 11 meter, i perioden frå og med 1.mai til og med 30.juni maksimalt kan fiske inntil 5 tonn torsk med juksa i Skagerrak utanfor grunnlinjene, forutsatt at eigar/høvedsmann er registrert på blad B i fiskarmanntalet og fartøyet ikkje har adgang til å delta i lukka gruppe i fisket etter torsk med konvensjonelle reiskap i Nordsjøen.

Forskrift om regulering av fisket etter torsk i Nordsjøen og Skagerrak i 2015

Fisket etter øyepål i 2015

Nærings- og fiskeridepartementet har vedteke forskrift om regulering av fisket etter øyepål i 2015. Den norske kvoten er på 163 000 tonn, og fiske er ope frå 1. april til 31. oktober.

Det blir innført eit generelt påbod om bruk av sorteringsrist i fisket etter øyepål. Den tidlegare dispensasjonsordninga frå ristpåbodet blir erstatta med ei ordning der alle fartøy som er eigna, bemanna og utstyrt for produksjon av fisk til konsum produserer, landar og omset konsumfisken (torsk, sei og hyse) til konsumformål.

Det har tidlegare vore tillate å ha inntil 5 % innblanding av sei til oppmaling. Når fartøya som er utstyrt for og ønskjer å ta vare på sei til konsum får høve til dette vil behovet for innblanding falle bort. Retten til å ha inntil 5% innblanding av sei til oppmaling blir derfor fjerna.

Forskrift om regulering av fisket etter øyepål i 2015

Fisket etter tobis i 2015

Nærings- og fiskeridepartementet har vedteke forskrift om regulering av fisket etter tobis i 2015. Det er fastsett eit foreløpig forbod mot fiske. Havforskingsinstituttet vil kome med ei tilråding om fisket etter tobis i februar 2015. Nærings- og fiskeridepartementet vil fastsetje ei endeleg forskrift om regulering av fisket etter tobis i 2015 når det ligg føre eit vitskapleg råd frå Havforskingsinstituttet.

Forskrift om regulering av fisket etter tobis i 2015

Fisket etter vassild i 2015

Nærings- og fiskeridepartementet har vedteke forskrift om regulering av fisket etter vassild i 2015. Fisket etter vassild opnar 16. februar og totalkvote for norske fartøy er sett til 12 000 tonn.

Forskrift om regulering av fiske etter vassild i 2015