Fiskarlaget Nyhetsarkiv

2020-05-14 12:25:00
Dobler tobisrådet
250 000 tonn i 2020
Dobler tobisrådet
Havsil, hovudarten av tobis, blir opptil 26 cm lang
Foto: Åse Husebø / HI

Havforskarane tilrår fangst av 250 000 tonn tobis i 2020. Bakgrunnen er historisk sterk rekruttering, framleis mykje av dei eldre fiskane og god mattilgang i Nordsjøen.

I det endelege kvoterådet for tobis rår Havforskingsinstituttet til eit fiske på opptil 250 000 tonn basert på dagens haustingsregel.

Det er nøyaktig det dobbelte av fjorårets kvoteråd. Årets førebelse kvoteråd var på 110 000 tonn.

Rådet er ei oppdatering etter årets akustikk- og tråltokt etter tobis. Leigefartøyet «Eros» klappa til kai onsdag, og forskarane har gått i land med nye data.

– Årets tokt gjekk veldig bra med godt vêr og gode arbeidsforhold. Vi har heller aldri sett så mykje fisk og anslår at gytebestanden er vesentleg større enn det vi har observert dei siste to tiåra, seier bestandsansvarleg Espen Johnsen. (Sjå bildekarusell frå toktet i saka på HI.)

Det blei rekrutteringsrekord i den 12 år gamle toktserien.

– Det er utruleg kjekt å få vere vitne til eit slikt comeback for denne nøkkelarten i økosystemet, seier Espen Johnsen.

Han meiner norsk forsking og forvaltning kan ta ein del av æra for dei lysare tobis-tidene. 

Tobis lever dels nedgrad i sandbotn, og bestanden deler seg derfor inn i sandbankar på avgrensa område i Nordsjøen.

I 2011 innførte Norge eiga norsk kvote per område, med fiske i berre delar av kvart område. Dette for å bygge opp igjen tobisbestanden og sikre berekraftig fiskeri.

– Så langt tyder alt tyder på at forvaltningsmodellen funkar. Vi har sett ei stadig betring i nesten heile norsk økonomisk sone. Eg håpar og trur at vi har knekt ein kode, seier forskaren.

– Nøkkelen er gode akustiske tokt, gode fangstdata frå fiskeflåten og områdebasert forvaltning som hindrar for stort lokalt fisketrykk, fortset han.

Les rapporten bak kvoterådet hos HI.

Cookies Personvern

Design/utvikling: Luculentus as

Norges Fiskarlags nettsteder bruker informasjonskapsler for å forbedre brukeropplevelsen og samle inn informasjon om bruksmønstre. Vi bruker også denne informasjonen til analyseformål. Noen av disse er informasjonskapsler fra tredjepart.