Fiskarlaget Nyhetsarkiv

2014-01-31 00:00
Fortsatt ikke enige
Ingen makrellavtale
image
NULL

Forhandlingane om fordeling og forvaltning av makrell i 2014 blei avslutta i Bergen fredag. Forhandlingane har blitt føt på overtid i håp om ei løysing, men heller ikkje denne gongen blei partane einige, melder departementet fredag ettermiddag.

- Eg hadde i det aller lengste håpa at vi skulle komme fram til ei løysing på fordelingsspøsmålet no, seier fiskeriminister Elisabeth Aspaker.

Noreg la fram nye posisjonar og har strekt seg langt i denne runden. Likevel har vi ikkje sett nokon teikn til bevegelse frå Island og Færøyane.

- Eg er svært skuffa. Alle partar må vise fleksibilitet om vi skal få på plass ein avtale i ei slik vanskeleg sak. Island og Færøyane kan ikkje vente at dei skal få full utteljing for sine krav. Det norske tilbodet var svært generøst samanlikna med utbreiinga og vandringsmønsteret til makrellen, seier fiskeriminister Aspaker.

Noreg og EU legg opp til bilaterale forhandlingar i Oslo i veke 7.

NULL

Cookies Personvern

Design/utvikling: Luculentus as

Norges Fiskarlags nettsteder bruker informasjonskapsler for å forbedre brukeropplevelsen og samle inn informasjon om bruksmønstre. Vi bruker også denne informasjonen til analyseformål. Noen av disse er informasjonskapsler fra tredjepart.