Dette er en arkivert artikkel fra gammel nettside. Formateringsfeil og mangler kan forekomme.
30.05.2022

Minneord

Oddmund Kvalheim

Eit stort fokus på ungdom og rekruttering blir trekt fram som gode eigenskapar i minneordet om Oddmund Kvalheim. Det er tidlegare leiar i Sogn og Fjordane Fiskarlag Nils Myklebust som har ført minneordet i pennen.

«Den 19. mai så fekk vi bodskapen om at Oddmund Kvalheim var gått bort 18. mai om kvelden.

Dette kom noko uventa, sjølv om vi visste at han hadde vore alvorleg sjuk ei tid. Oddmund var lite meddelsom om sjukdomen, han ville ikkje bekymre andre med sine problem. Dette var noko som kjenneteikna Oddmund, han stakk ikkje seg fram, det sytte han for at andre gjorde.

Eg vart godt kjent med Oddmund igjennom arbeidet hans som sekretær i Sogn og Fjordane Fiskarlag i tida 1995-2018. Vi fekk raskt møte ein person som ikkje såg på klokka når det var saker som skulle forberedast og handsamast.

Var det noko som stod på så var det ikkje spørsmål om det var laurdag eller søndag når andre hadde fri, då var han på kontoret og ringte gjerne nærmast kva tid det var på døgeret.

Slik var han for dei fleste fiskarane ei kjelde til inspirasjon.

I den tida eg var leiar av Sogn og Fjordane Fiskarlag så har eg uendeleg mykje å takke Oddmund for. Han var tilretteleggjar og gjorde dermed våre jobbar som tillitsvalde mykje enklare.

Skulle vi til Oslo og  snakke med stortingsfolk eller statsrådar så lagde Oddmund til små permar som viste kva vedtak som Sogn og Fjordane Fiskarlag hadde vedteke i dei sakene som vi skulle diskutere. Det at kvar enkelt av dei vi møtte fekk kvart sitt eksemplar som dei kunne lese etter at vi var reist heim gav dei vi møtte ein lettar jobb for å sette seg inn i sakene og når vi følgde dei opp.

Det same gjorde han når vi skulle diskutere med Fiskeridirektoratet. Dette sette dei pris på. For her var info om kva blant anna lokallaga hadde meint, slik at det vi tok opp var grundig dokumentert.

Noko anna som kjenneteikna Oddmund sitt arbeid var hans store innsats for å få ungdomen inn i Norges Fiskarlag. Det at han snakka med mange av ungdomane enten det no var på Måløy Vidaregåande eller om bord i fiskebåten eller på telefonen, så var bodskapen den same.

 «Vær med å skap dykkar eig framtid» på denne måten så fekk han ungdomane med på årsmøta i Fylkeslaget, landsmøte i Trondheim og han stimulerte dei til å kurse seg i organisasjonsarbeid blant anna. Og kunne ikkje den eine så ringde han til ein annan og på den måten så arbeide han utretteleg.

Mange av desse er i dag å finne att i Sogn og Fjordane Fiskarlag og i Norges Fiskarlag sitt landstyre.

Oddmund var også ein pådrivar for at vi måtte inn i ungdomskulane å fortelje om organisasjonen Norges Fiskarlag og det å være fisker. Dette har bore store frukter, i dag er det kamp om å komme inn på fiskeriutdanning ved Måløy Vidaregåande skule som vel er vorte av dei fremste i landet. Kven skulle trudd det på 1990-talet?

Ord vert likevel fattige når vi skal omtale Oddmund, han viste ei omsorg for andre som var unik. Det var ikkje få han  sende blomster-helsing når noko stod på og elles til julehøgtid.

Med disse orda så vil eg lyse fred over hans minne.»

Nils Myklebust