Dette er en arkivert artikkel fra gammel nettside. Formateringsfeil og mangler kan forekomme.
23.04.2022

Gir mandat

Årsmøtet i notfiskarlaget

Årsmøtet i Sør-Norges Notfiskarlag har gitt støtte til å halde fram samanslåingsprosessen i organisasjonen. Det blir lagt opp til å halde ekstraordinært årsmøte når premissa i den pågåande prosessen er på plass i løpet av hausten 2022.

Årsmøtet i Bergen fekk innleiinga om arbeidet med å forenkle samansetninga av organisasjonen frå Kåre Heggebø, leiar i Norges Fiskarlag, og Knut Torgnes, leiar i arbeidsgruppa for samanslåing av laga innanfor Samarbeidsrådet Sør.

Årsmøtet ga støtte til styret sitt arbeid så langt i saka og det blei i vedtaket peika på at det må haldast eit ekstraordinært årsmøte når den planlagte prosessen kjem med utgreiingar og avklaringar. 

Også nye vedtekter for organisasjonane vil måtte utarbeidast i denne prosessen.

Årsmøtet legg derfor opp til at det må haldast eit nytt og ekstraordinært årsmøte før det konstituerande årsmøte i Sør-Norges Fiskarlag, hausten 2022.

Les heile vedtaket i årsmøtesak 6 her:

Årsmøtet i Sør-Norges Notfiskarlag tar innleiingane frå Kåre Heggebø, leiar i Norges Fiskarlag, og Knut Torgnes, leiar i arbeidsgruppa for samanslåing av laga innanfor Samarbeidsrådet Sør, til orientering.

Årsmøtet sluttar seg til følgjande styrevedtak i sak 26/2021, «Organisasjonssaka – prosess for etablering av Sør-Norges Fiskarlag», av 28.09.2021;

  • Styret i Sør-Norges Notfiskarlag viser til Landsstyret i Norges Fiskarlag sitt vedtak frå 16. juni 2021 om ny organisasjonsprosess og oppnemning av forhandlingsutval i henhaldsvis Samarbeidsrådet Nord og Samarbeidsrådet Sør for vidareføring av arbeidet med etablering av to nye medlemslag. Styret gjev, etter at saka er diskutert i medlemsmøte, Sør-Norges Notfiskarlag sine representantar i forhandlingsutvalet mandat til å gå vidare i prosessen for samanslåing av medlemslaga i Samarbeidsråd Sør, med mål om at stiftelse av nytt lag er gjort innan Norges Fiskarlag sitt Landsmøte i 2023.

Årsmøtet i Sør-Norges Notfiskarlag finn ikkje å kunne gå inn for endeleg avvikling av laget på noverande tidspunkt då arbeidet med samanslåinga fortsatt er i prosess og ein manglar viktige utgreiingar/avklaringar i samband med samanslåinga.

I tillegg skal Norges Fiskarlag utarbeide forslag til nye vedtekter før samanslåinga, sjølv om desse ikkje kan handsamast før på landsmøtet hausten 2023. 

På bakgrunn av dette må det haldast nytt ekstraordinært årsmøte før det konstituerande årsmøte i Sør-Norges Fiskarlag, hausten (november) 2022, når utgreiingane/avklaringane er på plass. Styret får fullmakt til å fastsetje tidpunkt for det ekstraordinære årsmøtet.