Dette er en arkivert artikkel fra gammel nettside. Formateringsfeil og mangler kan forekomme.
25.04.2022

Pia Glesnes inn i styret

SNN-årsmøtet

Pia Søvik Glesnes (18) er valgt inn i styret i Sør-Norges Notfiskarlag. 18-åringen bur på Austevoll og er for tida lærling.

Under årsmøtet i Notfiskarlaget i Bergen valde årsmøtet inn 18-åringen i styret, der også Harald Eidet er nyvald inn mellom dei i alt seks som no sit i styret.

Leiar Roar Benjaminson vart attvald som leiar.Under årsmøtesaka om val, tok han på vegne av styret til orde for å utvide frå fem til seks styreplassar.

Dette fekk samrøystes tilslutning.

Pia Sørvik Glesnes er  for tida lærling på ringnotfartøyet «Vendla». I friperiodane jobbar ho på notfartøyet «Flipper», som også er eit notfartøy. 18-åringen har også eigd eige fartøy. Den båten blei seld i fjor.

Norges Fiskarlag er sett saman av 7 regionale medlemslag og to gruppeorganisasjonar. Sør-Norges Notfiskarlag er saman med Fiskebåt dei to gruppeorganisasjonane.

Nytt styre:
Roar Benjaminson, leiar (gjenval)

Svein Ove Ekerhovd, nestleiar (gjenval)

Johnny Magne Sjo (gjenval)

Bernhard Idsø (gjenval)

Harald Eidet (nyvalt)

Pia Søvik Glesnes (nyvalt)

Vedtak sak 7:

SAK 7             UTVIDING AV STYRET I SØR-NORGES NOTFISKARLAG                 

Årsmøtet i Sør-Norges Notfiskarlag tar innleiinga frå Roar Benjaminson til orientering.

Årsmøtet vedtar å utvide laget sitt styre med eit medlem, og endrar paragraf 6, første del, i lovene til Sør-Norges Notfiskarlag til:

  • Laget har eit styre på 6 medlemer. Minst eitt av styremedlemene bør vere under 30 år når ein blir valt, og begge kjønn bør vere representert i styret.
  • Styremedlemene blir valde med ei distriktsmessig fordeling. Styret må òg representere medlemsmassa.
  • Styremedlemer med vara vert valde for 2 – to – år om gongen.
  • Leiar, nestleiar og styremedlemer blir valde av årsmøtet.