Dette er en arkivert artikkel fra gammel nettside. Formateringsfeil og mangler kan forekomme.
22.04.2022

Tydeleg om sporing

Sør-Norges Not

Årsmøtet i Sør-Norges Notfiskarlag aksepterer ei form for fartøysporing, men er tydeleg på at AIS må vere ei tilfredsstillande sporingsløysing for flåten under 15 meter.

Det var eit tydeleg ordkifte i denne saka under fredagens årsmøte i Bergen, noko som også kjem til uttrykk i årsmøtevedtaket.

Det var eit tydeleg ordkifte i denne saka under fredagens årsmøte i Bergen, noko som også kjem til uttrykk i årsmøtevedtaket.Innleiar var Thord Monsen, leiar for kontrollseksjonen i Fiskeridirektoratet (bildet nedanfor)

Les heile årsmøtevedtaket under bildet.

«SPORING OG RAPPORTERING

Årsmøtet i Sør-Norges Notfiskarlag har vedtatt følgjande i dag:

Årsmøtet i Sør-Norges Notfiskarlag tar innleiinga frå Thord Monsen til orientering.

Årsmøtet meiner at Fiskeridirektoratet via si uttale til høyringssaka viser at ein ikkje har tiltru til yrkesfiskarane i og med at dei vil kun ha dei strengaste alternativa, og i fleire tilfelle strengare krav enn føreslege av Nærings- og fiskeridepartementet. 

Årsmøtet i Sør-Norges Notfiskarlag vil på det sterkaste beklage at fiskeriforvaltinga har så lita tiltru til yrkesfiskarane at alt skal måtte kontrollerast/rapporterast til ei kvar tid frå det største til det minste fartøy.

Årsmøtet i Sør-Norges Notfiskarlag finn å kunne akseptere ei form for sporing. Årsmøtet meiner at AIS må vere tilfredsstillande sporingsløysing for flåten under 15 m, men ein bør sjølv kunne velje om ein heller vil nytte VMS (sporingsdataene er ikkje synlege for andre enn forvaltinga).

Alle fiskefartøy må bruka AIS dersom ein opererer på fiskefelt der det er andre fiskefartøy med AIS-påbod. Oppdrettsanlegg må òg ha påbod om å bruka AIS ut i frå tryggingsomsyn ved navigering.

Uansett løysing må det for fartøy som stort sett driv fiske innanfor område med mobildekning, kunne nyttast eit slikt system, og ikkje bli tvunge til å nytte kostnadsdrivande satellittsporing. Dette er særs viktig då kostnadene har auka kraftig dei siste åra i høve nye krav og avgifter. I den seinare tid har i tillegg drivstoffprisane auka kraftig. 

Om ein i korte periodar driv fiske/marginale fiskeri utanfor mobildekningsområde må ein kunne få dispensasjon frå kravet om satellittsporingsutstyr.Årsmøtet meiner, i tråd med Norges Fiskarlag si uttale av 18.03.2022, at flåten under 15 m må kunne nytte kystfiskeappen (og at denne blir vedlikehalde og eventuelt vidareutvikla) i høve  fangstrapportering.

Det bør òg vere ei nedre lengdegrense på 8 m, dvs. unntak for fangstrapportering for fartøy under 8 m.I høve kravet om rapportering når ein går i frå kai, sjølv med forenkla rapportering, kan det føre til stor mengde rapportering ved mellom anna fiske med sitjenot.

Dette er eit fiskeri der ein mange gangar for dagen sjekkar nota, då nota ofte står i kort avstand frå der ein har båten liggjande. Fangstrapportering av mengde fangst i not/lås er så å seie umogleg å fastslå før ein har fangsten om bord i fartøyet for levering.

Etter fleire krav som blir stilt, desto større moglegheit er det for å gjere feil/gløyme ei rapportering. Slikt slit på fiskarane, då ein i utgangspunktet prøver å utøve yrket i tråd med lovverket. Fiskarane, meir enn andre, er avhengig av at ressursuttaket er berekraftig.

Forvaltinga må òg ha med seg at ein driv yrket ute på havet/sjøen og det er ikkje alt fiskarane kan styre. For tryggleiken om bord er det viktig at fokus er retta mot utøving av fisket, og ikkje rapporteringar.

På bakgrunn av ovannemnde meiner årsmøtet i Sør-Norges Notfiskarlag at fangsrapportering via kystfiskeappen saman med AIS-sporing må kunne aksepterast frå fiskeriforvaltninga si side som tilfredsstillande kontrollnivå for fartøy.

Om ein innfører eit regime som blir framlagt av innleiar vil dette få enorme konsekvensar for den mindre fiskeflåten og vil utfordre politiske mål med å oppretthalde ein differensiert flåte.»