Dette er en arkivert artikkel fra gammel nettside. Formateringsfeil og mangler kan forekomme.
15.03.2021

Lanserte handlingsplan

Mot marin forsøpling

Fiskeridirektoratet har no vedtatt ein eigen handlingsplan mot marin forsøpling som fiskerinæringa, fritidsfiskarar og havbruksnæringa er kjelde til. Direktoratet og statsråden omtalar saka mandag og legg opp til mange nye tiltak dei neste fem åra.

Marin forsøpling er eit samansett og komplekst problem, men med planmessigt arbeid og gode tiltak er det mogeleg å redusere forsøplinga, seier Fiskeridirektoratet i si presseomtale.

– Fiskeri, fritidsfiske og til dels oppdrett er store kjelder til marin forsøpling i vår del av verda. Det blir brukt store mengder plast i både fiskeri og oppdrett, og ein god del av dette hamnar dessverre på avvegar. Dette må vi ta tak i og Fiskeridirektoratet har difor utarbeidt ein eigen handlingsplan for å redusere forsøpling frå dei næringane og aktivitetane vi forvaltar og fører tilsyn med, seier rådgivar Hilde Sofie Berg i utviklingsseksjonen i Fiskeridirektoratet.

Plan over fem år

Hilde Sofie Berg har marin forsøpling som sitt spesialområde i Fiskeridirektoratet og har hatt ansvaret for arbeidet med Fiskeridirektoratets handlingsplan mot marin forsøpling.

Planen skal gå over fem år frå 2021 til og med 2026 der nokre tiltak vil gå over heile perioden, mens andre vil gå over kortare periodar.

– Vårt store langtidsmål er å gjere våre oppryddingstiltak overflødige. Det er ennå ein lang veg å gå, og i handlingsplanen mot marin forsøpling er det lagt opp til at det er fleire vegar mot målet. I tillegg til våre eksisterande tiltak vil vi blant anna satse på førebyggande arbeid, på forsking og utvikling av meir miljøvenlege metodar og reiskapar og bidra til å få etablert velfungerande mottak av øydelagt eller utrangert reiskap, seier Berg.

Nye tiltak

Eitt av dei første konkrete tiltaka i planen er å få på plass eit godt samarbeid med næringsaktørane og fritidsfiskarane gjennom å etablere arbeidsgrupper som skal arbeide for å redusere forsøplinga frå eigne grupper.

Målet er å få bort alle etterlatte blåskjelanlegg som er ei kjelde for forsøpling langs kysten.

Fiskeridirektoratet har lang erfaring med å rydde sjøen for tapte og etterlatte reiskapar, spesielt i yrkesfiske der tap av reiskap er rapporteringspliktig. Men det blir mista og etterlatt svært mykje reiskap også i fritidsfiske, men her er det ikkje pliktig rapportering eller krav om merking av sjølve reiskapen. 

– Fiskeridirektoratet vil foreslå å innføre pliktig rapportering av tapte reiskapar også i fritidsfiske, og vil i tillegg også foreslå å innføre krav om merking av sjølve reiskapen på teiner og ruser – ikkje berre vaket eller blåsa. I tillegg vil vi arbeide med forebygging og har et ønske om at kunnskap om marin forsøpling skal bli inkludert i undervisninga på fagskular og vidaregåande skular, sier Berg.

Les Fiskeridirektoratet sin handlingsplan