Dette er en arkivert artikkel fra gammel nettside. Formateringsfeil og mangler kan forekomme.
18.02.2021

HI med ny metode

Kysttorsken

Forskarane har lenge vore bekymra for tilstanden til norsk kysttorsk. No har dei sett på gamle data med nye auge for å få eit best mogleg grunnlag for rådgivinga framover, melder Havforskningsinstituttet.

I nettsaka hos HI blir det vist til at det om lag kvart femte år blir gått gjennom vurderinga av ulike bestandar i ICES i ein sokalla metoderevisjon, der både datamaterialet som inngår og sjølve vurderingsmetodane vert gjennomgått i detalj. Ein slik metoderevisjon for den norske kysttorsken nord for Stad går føre seg no.

– Skal ein kunna gjennomføra ei bestandsvurdering med ein aldersfordelt modell, må ein ha ein tidsserie med toktdata. Det har vi hatt for kysttorsken, men i samband med den metoderevisjonen som går føre seg no, ønskte vi å gjennomgå og kvalitetssikre særleg den eldste delen av tidsserien, seier forskar og bestandsansvarleg Asgeir Aglen til eigen nettstad.

Dette arbeidet er skildra i ein ny rapport, der forskarane har sett på data om kysttorsk i det årlege kystøkosystemtoktet mellom Finnmark og Stad.

Fiskarlaget nøgd med tiltaket

Frå Fiskarlaget si side er vi nøgd med at dette arbeidet er kome i gang, og at vi kanskje kan få ei kysttorskforvalting som er meir finmaska og der kart og terreng stemmer meir med kvarandre.

-Kysttorsken har vore ei utfordring over tid for MSC-sertifikata til kystnært fiske i meir enn 10 år, og fisket etter torsk og hyse innanfor 12 nm ligg no an til å bli utan  MSC-sertifikat etter 26.04.2021. Dette arbeidet kan representere eit første steg mot å få desse sertifikata tilbake, og Fiskarlaget har allereie starta opp prosessen med å få dei gjenoppretta, opplyser seniorrådgjevar Tor Bjørklund Larsen som arbeider med MSC-programmet i Fiskarlaget.

Dette arbeidet blir gjort på vegne av alle norske fiskarar.

HI ser med nye briller

Frå før hadde ein ein serie med toktindeksar frå den akustiske delen av toktet. Desse indeksane har ein no rekna ut på nytt, med standardisert verktøy, heilt attende til 1995, fortel HI. Med den nye reknemåten har forskarane justert ned anslaget for kor mykje torsk det var langs kysten i åra før 2003.

– Det gjer at den historiske utviklinga ser litt annleis ut. Det er ikkje fullt så stor kontrast lenger mellom det som låg i den gamle indeksen, og det som ligg i den nye, forklarer Asgeir Aglen.

Reknar med data frå ekkolodd og trål

Ein indeks er enkelt sagt eit relativt mål for korleis bestanden utviklar seg frå år til år, med grunnlag i data frå tokt. Ein akustisk indeks byggjer på målingar med ekkolodd (akustikk).

Fram til 2003 var det gjennomført to ulike tokt. Etterpå vart dei slått saman. Indeksen for perioden etter 2003 ser lik ut også med den nye reknemåten.Frå perioden 2003 og framover har ein no også rekna ut ein trålindeks, med data frå trålfangstar på faste stasjonar langs kysten, i tillegg til den akustiske indeksen.

Har delt kysten i to

Forskarane har også delt indeksen inn i to ulike område, nord og sør for 67. breiddegrad.

– Det gjer at me har fått ein betre indeks for bestandsutviklinga i nord, seier Asgeir Aglen.Han forklarer at dei har mykje data i det nordlegaste området, frå Vestfjorden til russegrensa, men dårlegare datatilgang lenger sør langs kysten. Det krev ei litt anna tilnærming.

Viktige inngangsdata til rådgivinga

Under den første delen av metoderevisjonsarbeidet vart dei nye indeksseriane, som er skildra i den ferske rapporten, godkjende som inngangsdata til ein ny analytisk bestandsmodell.

Denne blir vurdert i siste delen av metoderevisjonen, som skal skje i løpet av våren.Om han blir godkjent, blir metoden tatt i bruk i forskarane si rådgiving frå og med i år.