Dette er en arkivert artikkel fra gammel nettside. Formateringsfeil og mangler kan forekomme.
24.11.2020

Tydeleg til Stortinget

Vest om havvind

-Politikarane på Stortinget skal ikkje vere i tvil om kva den kanskje viktigaste norske framtidsnæringa meiner om havvind. Dette seier dagleg leiar i Fiskarlaget Vest om eit brev som er send regionale stortingspolitikarar og partiorganisasjonar.

Politikarane på Stortinget for Rogaland og Vestland-representantar frå tidlegare Hordaland fylke, samt dei regionale partiorganisasjonane i same område har fått eit eige brev frå Fiskarlaget Vest om havvind.

Ukjend med testing

Bakgrunnen for brevet til politikarane er knytt til at Fiskarlaget Vest har sett spørsmålstegn ved den massive merksemda knytt til havvind i samfunnet no og planlagt testing av ei ny svensk havvindmølletype i Bokn.

Fiskarlaget Vest reagerer sterkt på at verken dei eller Fiskeridirektoratet var kontakta om det planlagte anlegget.

Det er ved Arsvågen i Bokn at det er planlagt testing av vindturbinen Sea Twirl frå 2022 og i inntil fem år framover.

Dagleg leiar i Fiskarlaget Vest Britt Sæle Instebø seier det er heilt nødvendig å påpeike og informere om denne typen saker.

-Fiskarlaget Vest viste i vår omtale av den planlagte utplasseringa av den svenske havvindturbinen, at  lokalkjente yrkesfiskarar reknar det planlagde testområdet som ein av dei betre fiskeplassane i Bokn kommune. 

Klar tale

Den daglege leiaren påpeikar at det i brevet til rikspolitikarene vert understreka at fiskarane ønskjer å vere positivt innstilt til andre næringar og aktivitetar, men det må vere eit krav at ny aktivitet ikkje øydelegg for havmiljøet, viktige gyte- og oppvekstområde eller for sjølve utøvinga av fisket.

-Fiskarlaget Vest, som fagorganisasjon for yrkesfiskarar må vere med tidleg i prosessar som gjeld tiltak i sjøområda. Vi er tydeleg på at: Sjøvern er like viktig for fiskerinæringa som jordvern på land, understrekar Britt Sæle Instebø. 

Areal- og kunnskapsutfordringar

I brevet til Stortingspolitikarane viser Fiskarlaget Vest også til at vindturbinar til havs, både botnfaste og flytande, som regel må plasserast på relativt grunt vatn. Og – at områda der ein ønskjer botnfaste- og flytande vindturbinar gjerne er samanfallande med våre aller beste fiskebankar og gyteområde. 

Det blir også vist til at Havforskningsinstituttet i ein rapport 16.11.20 påpeikar at det er avgrensa kunnskap om effekt på økosystema, særleg knytt til flytande vindturbinar. Det er òg sagt at den kontinuerlege lavfrekvente lyden kan påverke fisken sin adferd, ikkje minst gyteadferd.

Britt Sæle Instebø seier det derfor er særleg understreka overfor politikarane at dei mange utfordringane knytt til etablering av havvind må utgreiast langt betre enn det som har vore tilfelle så langt.

Fiskarlaget Vest og Norges Fiskarlag meiner problemstillingane om påverknad på det marine miljø av botnfaste vindturbinar og flytande ordinære vindturbinar må avklarast før det blir etablert nye vindparkar og testområde.

  • Les det aktuelle brevet frå Fiskarlaget Vest her: