Dette er en arkivert artikkel fra gammel nettside. Formateringsfeil og mangler kan forekomme.
12.11.2020

Ukjend med havvindtest

Ber om avklaringar

Fiskarlaget Vest har sett spørsmålstegn ved planlagt testing av ei ny svensk havvindmølletype i Bokn. Fiskarlaget Vest reagerer sterkt på at verken dei eller Fiskeridirektoratet er kontakta om det planlagte anlegget.

Det er ved Arsvågen i Bokn at det er planlagt testing av vindturbinen Sea Twirl. Opplysningar i «Teknisk Ukeblad» tyder på testing frå 2022 og i inntil fem år framover.

Fiskarlaget Vest reagerer sterkt på at verken laget eller Fiskeridirektoratet region Sør er blitt kontakta. 

Dagleg leiar i Fiskarlaget Vest Britt Sæle Instebø påpeikar i eit brev om saka at det også blir reagert sterkt på at det ser ut som om det er ei sjølvfølgje at det blir gjeve løyve til testing i området som ein skal søkje om.

Fiskarlaget Vest refererer til at lokalkjente yrkesfiskarar opplyser at området der vindturbinen er tenkt lagt er ein av dei betre fiskeplassane i Bokn kommune. 

Ho viser også til at fiskarane ønskjer å vere positivt innstilt til andre næringar og aktivitetar, men forutninga er at det ikkje må øydeleggje for havmiljøet, viktige gyte- og oppvekstområde eller for sjølve utøvinga av fisket.

-Fiskarlaget Vest, som fagorganisasjon for yrkesfiskarar, må vere med tidleg i prosessar som gjeld  tiltak i sjøområda, og spesielt i område der tiltaket ikkje er i tråd med kommuneplanen. Ein krev at påverknaden på det marine miljø og fiskeriinteressene må vektleggjast tungt ved søknad om tiltak i sjø då ein haustar mat innafor berekraftig forvalta bestandar. Sjøvern er like viktig for fiskerinæringa som jordvern på land, understrekar Fiskarlaget Vest i brevet som er stila til selskapet Energy Innovation. 

På bakgrunn av saka så langt går derfor Fiskarlaget Vest imot at det blir plassert ein vindturbin i området, skriv Britt Sæle Instebø i brevet du kan lese her: