Dette er en arkivert artikkel fra gammel nettside. Formateringsfeil og mangler kan forekomme.
08.09.2020

Hastar med IHM-sertifikat

For «deg» over 500 bruttotonn

Innan utgangen av året må skip med bruttotonnasje på 500 eller meir ha eit godkjent sertifikat med oversikt over farlege materialar om bord. Det er ikkje opna for dispensasjon frå tidsfristen.

Det er Sjøfartsdirektoratet som i eit nettoppslag minner om at fristen nærmar seg fdor å få på plass eit såkalla IHM-sertifikat, som gir oversikt over farlige materialar om bord, og skal bidra til trygg og miljøvennlig attvinning av skip.

Forskrift om gjenvinning av skip og flyttbare innretninger gjeld for alle norske skip med bruttotonnasje på 500 eller meir og som ikkje utelukkande går i innenriks fart, skriv direktoratet.

Alle nye skip som byggast og settast i drift etter 30.06.2020 må no ha om bord eit gyldig sertifikat med fortegnelse over alle farlege materialer, eit såkalla IHM-sertifikat. Frå 31. desember 2020 skal alle seilende skip ha om bord eit slikt sertifikat.

Sertifikata må det søkast om. Fartøy som er klassa i godkjent klasseselskap må kontakta desse for å få sertifikat, medan uklassa fartøy kontaktar Sjøfartsdirektoratet.

Gjenvinningssertifikat

EUs skipsgjenvinningsforordning krev også at alle skip som skal gjenvinnast etter 31.12.2018 skal ha eit Gjenvinningssertifikat (Ready for Recycling Certificate, RfRC) før det går til gjenvinning på godkjent anlegg. Det skal føreligga ein gjenvinningsplan som er godkjent av myndigheitene i det landet gjenvinninga skal skje, før RfRC blir utstedt. I Noreg er det Miljødirektoratet som godkjenner skipsgjenvinningsplanar. 

Melding om gjenvinning og søknad om RfRC skal gis minimum ein månad før skipet blir sendt til gjenvinning. Skip som skal gjenvinnast i utlandet må ha eit eksportløyve frå eksportlandet og eit importløyve frå mottakarlandet før det kan gjenvinnast på godkjent anlegg.

Meir informasjon om sertifikatkrava og virkeområde finn du her.