Dette er en arkivert artikkel fra gammel nettside. Formateringsfeil og mangler kan forekomme.
27.08.2020

HI også olje-bekymra

25. konsesjonsrunde

Havforskningsinstituttet (HI) anbefaler å ikkje opne for petroleumsverksemd i områda nærast iskantsona og Mørebankane i 25. konsesjonsrunde. Svaret frå HI er i store delar i samsvar med Fiskarlagets syn i høyringa.

Regjeringa ved Olje- og energidepartementet har føreslått å lyse ut 136 nye blokker for petroleumsaktivitet i Barentshavet og Norskehavet.

HI peikar på at blokkene i Norskehavet ligg tett på gyteområde for fleire kommersielt viktige fiskeartar, som norsk vårgytande sild, sei og uer. Området har også korallar og svampar som vil vere sårbare for petroleumsverksemd.

HI uttalar seg også kritisk om dagens ordning med utlysing av areal for petroleumsverksemd gjennom eigne konsesjonsrundar. Ordninga bryt med prinsippet om heilskapleg forvalting, der ein vurderer den samla belastninga av menneskeleg aktivitet på økosystema.

– Det er eit aukande problem for det marine miljøet at vi har ei fragmenting av forvaltinga mellom ulike sektorar. Vi meiner tildeling av areal for petroleumsverksemd burde vera ein del av dei heilskaplege forvaltingsplanane for norske havområde, seier forskingsdirektør ved HI, Geir Huse til eigen nettstad.

HI meiner også at effektane av petroleumsaktivitet på det globale klimaet må trekkast inn i vurderinga ved tildeling av areal. Kunnskapen om globale klimaendringar, inkludert havforsuring og effektar på marine økosystem, har auka vesentleg dei siste åra.

Sjå heile høyringssvaret frå HI her (pdf).

Norges Fiskarlag la ut vårt høyringssvar til 25. konsesjonsrunde sist veke.

Vi peiker på at Norges Fiskarlag mener det i hovedsak ikkje bør vere auka oljevierksemd på Eggakanten og Mørebankankane og i Barentshavet.

Vi peika også på eit ønske om større åpenheit om de petroleumsfaglege vurderingane, der vi omtalar konsesjonsrundene på norsk sokkel, både TFO og konsesjonsrundene som lite demokratiske.

Les Fiskarlaget sitt innspel her