Fiskarlaget Nyheter

2020-07-03 13:45
Følg makrelltoktet
Pågår til 4. august
Her er forskingsteknikarar Frøydis Tousgaard, Rist Bogetveit og Ørjan Sørensen i gang med å sortere fangsten. Ivar Magne Østervold og Lawrence John Riley er mannskap på «Vendla»
Arkivfoto: Leif Nøttestad, HI

Norske havforskarar skal den neste månaden kartlegge makrell. Leigefartøya «Vendla» og «Kings Bay» legg ut frå Bergen fredag 3. juli med dei norske havforskarane om bord. Fire andre fartøy deltek også.

Det er fjerde året HI leigar inn fiskebåtane "Vendla" og "Kings Bay" til makrelltoktet. I tillegg seglar fire fartøy for Færøyane, Island, Grønland og EU (Danmark).

Dei seks fartøya skal dekke ti gonger Norges areal i jakt på makrellen.

Leif Nøttestad, havforskar og koordinator for det internasjonale toktet fortell at dei skal kartlegge eit område på om lag 3,5 millionar kvadratkilometer i Nordaust-Atlanteren. Det er godt over ein runde rundt jorda, seier han til HI sin nettstad.

Makrellbestanden har ei enorm utbreiing i Atlanterhavet. Og går stadig meir nordleg.

Følger etter nordover

– Ein stor bestand som makrellen treng stor plass. I fjor var mykje av makrellen heilt nord i Jan Mayen-sonen og til dels sørvest ved Svalbard inn i Framstredet. Der rakk vi ikkje å følge makrellen til nullinja, altså til punktet det sluttar å vere makrell. Vi håpar å rekke det i år, seier Nøttestad.

Toktet pågår til 4. august.

Design/utvikling: Luculentus as

Norges Fiskarlags nettsteder bruker informasjonskapsler for å forbedre brukeropplevelsen og samle inn informasjon om bruksmønstre. Vi bruker også denne informasjonen til analyseformål. Noen av disse er informasjonskapsler fra tredjepart.