27.06.2025

Ned for sei, ellers stabilt

ICES-råd for Nordsjøen

Det internasjonale havforskingsrådet (ICES) la fredag fram sine kvoteråd for 2026 for botnfisk i Nordsjøen og områda rundt.

På nettsida til Havforskningsinstituttet blir det fredag opplyst at kvoterådet for torsk i Nordsjøen vil kome til hausten, mens kvoterådet på nordaustarktisk torsk og hyse kjem komande tysdag 1. juli klokka 12.

Mindre sei

HI melder at ICES tilrår at sei-fangstane ikkje bør overstige 60 167 tonn i 2026. Det er ned 24 prosent frå årets kvote.

– I fjor hadde vi litt oppgang for seien, men bestanden har falle til eit nivå som krev tiltak for å stogge nedgangen, seier Bjarte Bogstad, havforskar og norsk representant i ICES.

Til samanlikning var fangstane i fjor på 56 000 tonn, mens dei var på kring 50 000 tonn i 2021 og 2022. Det var det lågaste på over 50 år.

I Nordsjøen er det seien som er den viktigaste botnfiskarten for det norske fiskeriet.

Stabilt for dei andre artane

Saman med sei er torsk den viktigaste botnfiskbestanden for norsk fiskeri i Nordsjøen. I tillegg til desse, har ICES kome med kvoteråd for hyse, kviting, raudspette, lysing og breiflabb.

Alle desse bestandane er fornuftig beskatta og i god forfatning. Kvoteråda er derfor ganske like som for 2025, fortel HI.

For kviting rår forskarane om at fangstane ikkje bør overstige 198 609 tonn i 2026. Det er opp 6 prosent frå anbefalt kvote for 2025 og opp 42 prosent frå avtalt kvote.

For hyse rår forskarane om at fangstane ikkje bør overstige 108 301 tonn i 2026. Det er 4 prosent opp frå tilrådd og avtalt kvote for 2025.

For raudspette rår ICES om at fangstane i 2026 ikkje bør overstige 164 129 tonn, noko som er ned 7 prosent frå 2025.

For lysing tilrår ICES ein kvote på 54 912 tonn i 2026. Det er 5 prosent høgare enn tilrådd kvote for 2025.

For breiflabb tilrår ICES at det ikkje vert fiska meir enn 30 358 tonn i 2026 – ned 1 prosent.

Sjå dei tekniske kvoteråda og grunngjevinga bak på ICES sine nettsider om kvoteråd for Nordsjøen (ekstern lenke)